Bruk av SMIL-midlar i 2024
I 2024 blei det innvilga 10 749 738 kroner i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) her i fylket.
Av den totale summen utgjer nye løyvingar 10 619 575 kroner. Den resterande summen gjeld eldre saker som enten er innvilga på nytt eller har fått ekstraløyving.
Føremålet med SMIL-midlane er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Det er kommunane som forvaltar SMIL-ordninga etter nasjonal forskrift og lokale retningsliner. Kvar kommune blir gitt ei årleg ramme til disposisjon.
I 2024 hadde kommunane i underkant av 10,8 millionar kroner til disposisjon. Dette omfatta «friske» midler frå jordbruksoppgjeret på 9 millionar kroner, samt inndratte midlar gjennom året på vel 1,8 millionar kroner.
Totalt blei det innvilga tilskot til 242 SMIL-tiltak. Tabellen nedanfor viser sum tilskot og tal innvilga søknader på regionnivå.
Hustadvika kommune innvilga flest midlar, med vel 1 153 850 kroner. Dernest følgde Surnadal, Volda, Molde og Smøla.
Fordeling på ulike miljøtema
Eit SMIL-tiltak kan kategoriserast innanfor eit av sju miljøtema. I 2024 var den prosentvise fordelinga på miljøtema følgande:
Det blei innvilga mest til kulturlandskapstiltak (52 %). Denne kategorien omfattar mellom anna tiltak for å restaurere og skjøtte verdifulle jordbruksområde med spesielle kulturlandskapsverdiar.
Nest mest midlar blei gitt til tiltak som skal hindre avrenning til vatn og betre tilstanden i utsette vassførekomstar (22 %). Dei fleste tiltaka i denne kategorien omhandlar utbetring av hydrotekniske anlegg og erosjonssikring i eller langs vassdrag. Tredje største kategori var tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø (19 %). Her blir tilskotet gitt til istandsetting av freda og verneverdige bygningar og andre kulturminne, for å bevare desse og halde dei synlege i kulturlandskapet.
Kommunane har fått tildelt ny ramme for SMIL i 2025. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å søke om tilskot eller les meir om SMIL-ordninga på landbruksdirektoratet.no.