Kulturlandskapsprisen 2024 til Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad

Portrett av Knut og Rita Flatvad i lag med blomster i hagen.
Rita og Knut har drive garden Østigard på Flatvad i Sunndalen sidan 2005. Som heiltidsgardsbrukarar har dei utvikla ei moderne og mangfaldig drift med mjølkeproduksjon, gris, grasproduksjon og korn. Foto: Nanseth Media.

Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad driv eit aktivt landbruk med husdyrhald, beitedyr og slått. Dei får prisen for å halde kulturlandskapet ved like.

Publisert 09.09.2024

– Eg vil gratulere Knut og Rita så mykje med Kulturlandskapsprisen, seier statsforvaltar og juryleiar Else May Botten.

Prisen blir overrekt på garden 16. september. 

Stor og moderne drift

Knut og Rita har drive garden Østigard på Flatvad i Sunndalen sidan 2005. Som heiltidsgardsbrukarar har dei utvikla ei moderne og mangfaldig drift med  mjølkeproduksjon, gris, grasproduksjon og korn.

Bildet viser innkjøringa til garden, Vi ser særleg stabburet og eit postkassestativ.
Gardstunet er innramma av ei stor, velhalden nordmørslån, eit stabbur frå 1700-talet, ei smie frå 1800-talet og grisefjøset. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Ragnhild Naug Aas.

Garden har moderne fjøs og driftsapparat for både ku og gris. Kufjøset husar totalt om lag 120 storfe, der 55 er mjølkekyr. I tillegg driv dei smårgrisproduksjon med 27 fødande purker kvar 8. veke.

Knut og Rita har heile 764 dekar med dyrka jord og 128 dekar med innmarksbeite. Ein del av dette eig dei sjølve, medan resten blir leigd frå folk i bygda.

– Vi har svært gode sambygdingar, og er takksame for at vi får leige jord av dei. Det gjer det mogleg å drive garden i det omfanget vi gjer i dag , seier ekteparet.

Aktivt landbruk gir eit ope kulturlandskap

Flatvad på Østigard ligg vakkert til langs riksveg 70 i Sunndal, omkransa av dei majestetiske Sunndalsfjella og frodige åkrar der det blir dyrka både gras og korn. Det blir dyrka mest gras til fôr for dyra, men også ein del korn. Begge produksjonane er viktig for å sikre matforsyninga.

Gardstunet er innramma av ei stor, velhalden nordmørslån, eit stabbur frå 1700-talet, ei smie frå 1800-talet og grisefjøset. På andre sida av vegen finn ein lausdriftsfjøsen med mjølkerobot. Her har dyra fri tilgang til store beiteområde bak fjøset. I sommarsesongen går mjølkekyr og kalvar ut og inn som dei vil.

Ryddinga av beiteområdet starta i 2020 og omfattar fleire eigedomar. For Knut og Rita var formålet med beiteryddinga todelt: Å ta tilbake kulturlandskapet slik det opphavleg var, og gjere det lettare å ha kontroll med beiting ved heile tida  å kunne sjå dyra.

Vi ser åker med kutta korn framme i bildet, så garden og fjella.
Garden er omkransa av Sunndalsfjella og på åkrane det blir dyrka både gras og korn. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal /Ragnhild Naug Aas.

Eit ope landskap gir eit mangfald av blomar, planter og insekt. I tillegg er beiting ei ressursvennleg form for hausting, det er god dyrevelferd og det er triveleg for folk å sjå og møte dyr på beite.

Engasjement for å formidle kunnskap om landbruket

Knut og Rita er opptekne av landbrukspolitikk.

– Vi ønsker at  folk  skal  forstå  at landbruket produserer store verdiar, og er svært viktig for heile samfunnet, seier dei.

Knut har mellom anna vore leiar i Sunndal bondelag. I den rolla har han vore pådrivar for ei kommunal beredskapsgruppe for landbruket i samband med covid. Dette har også opna informasjonsstraumar for mange andre aspekt innan beredskap i landbruket.

Rita har i mange år hatt besøksgard for barnehagar og skular.

– Mange barn har fått oppleve og lære om aktivt landbruk. Dei har også fått dyrke eigen mat i kjøkenhagen på garden, fortel ho.

Frå 2010 til no har det vore skulehage på garden.

Knut og Rita er også med i grendelaget som har vore med på å leggje til rette turstiar i området.

–  Vi ønsker at andre får tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet, fortel ekteparet.

Framifrå ambassadørar for landbruket

Juryen meiner at den aktive bruken av innmark- og utmarksressursar utgjer ein heilskap her på Østigard.

– Knut og Rita sitt arbeid viser tydeleg  viktigheita av det aktive landbruket, som kulturlandskapspleiar og som produksjonslandskap for å sikre norsk matproduksjon. Deira innsats gjer dei til framifrå ambassadørar for landbruket, seier juryleiar Else May Botten.

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Finn alle priskriteria og meir informasjon om Kulturlandskapsprisen. 

Sjå oversikt over tidlegare vinnarar.

Juryen 2024

Else-May Botten, statsforvaltar

Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal

Hilde Arna Tokle Yri, seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv hos Møre og Romsdal fylkeskommune 

Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal