Har du ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2025?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2025 innan 1. mai.
Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.
Prisen skal:
- Løfte fram landbruket som forvaltar av kulturlandskapet
- Skape merksemd og auke kunnskapen om verdiane i kulturlandskapet
- Stimulere til å ta vare på kulturlandskapet gjennom gode eksempel
Kven kan få prisen?
Prisen blir fortrinnsvis gitt til aktive gardbrukarar, men kan også gis til grunneigarlag, beitelag, bygdelag eller andre typar tiltak.
Kandidatane til kulturlandskapsprisen blir vurdert etter desse kriteria:
- At dei har gjort ein særskild innsats for kulturlandskapet gjennom skjøtsel og drift
- At drifta brukar kulturlandskapet som ressurs for verksemd/produksjon, utvikling eller ny næring på garden
- At drifta tek omsyn til landskap, kulturminne, kulturmiljø og biologisk mangfald
- At drifta har produksjon som tek omsyn til miljøet på bruket og i nærområdet
- At dei gir andre tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
- At drifta medverkar til eit positivt fokus på dei verdiane som landbruket representerer
Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte, men prisvinnaren må utmerke seg på ein eller fleire av kriteria og vere ein god ambassadør for landbruket.
Korleis kan du foreslå dine kandidatar?
Alle kan fremme forslag på kandidatar. Vi oppfordrar spesielt kommunar, landbruksrådgivinga og faglaga til å komme med forslag. Fleire kan gjerne gå saman om eit forslag. Kandidatar som er foreslått tidlegare kan bli renominert på bakgrunn av tidlegare innsendt informasjon.
Fyll ut dette elektronisk skjemaet: Forslag på kandidat til Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2025.
Eller send inn forslaget ditt på e-post til marie.teigland@statsforvalteren.no. Merk e-posten med Kulturlandskapsprisen 2025 og kandidaten sitt namn.
Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse!
Frist til å komme med forslag på kandidatar er 1. mai
Praktiske opplysningar om prisen
Prisen er delt ut sidan 2001. Den består av eit kunstverk av biletkunstnar Lars Christian Istad, 10 000 kroner, ein diplom og ein plakett. Dei siste åra har prisen blitt delt ut heime hjå prisvinnaren.