Landskap som gir mat

– Vi er glade for at arbeidet vårt med å produsere mat blir anerkjent og sett pris på, seier Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad. I dag fekk dei Kulturlandskapsprisen 2024.

Publisert 16.09.2024

For det er først og fremst det dei driv med på Østigard på Flatvad i Sunndalen; matproduksjon. Kulturlandskapet, som dei i dag fekk pris for å halde i hevd, er først og fremst ein ressurs dei produserer av og i.

Aktivt bruk

– Korleis det ser ut rundt garden vitnar om drifta. Ein moden kornåker er vakker å sjå. Dyr som går på beite også. Landskapet blir ope og variert når drifta er god, seier Knut.

Han ser på kulturlandskapet som grunnlaget for, og produktet av, produksjonen. Dette landskapet bruker dei aktivt på Flatvad.

– Vi er for eksempel godt nøgd med beitet bak fjøsen. Her tok vi i bruk eit gjengrodd areal. Det at dyra no går så nære, gjer det lettare for oss. Vi treng ikkje å leite etter dei langt inne i skogen, seier Rita.

Eit ope beite gir også meir mat til dyra.

– Dessutan er det artig at bygdefolket synst det blei så fint da vi opna beitet. Vi ser det sjølve også. Det var ganske attgrodd her før. No er det mindre skog og meir ope landskap, seier ekteparet.

Rita er glad for alt dei har fått til på garden, men ser stadig potensiale og noko som bør bli gjort. 

– Så det er ikkje slik at vi sett oss ned og føler oss ferdige, smiler ho.

Variert arbeid

På Flatvad arbeider tre generasjonar, og ein tilsett. 

– Vi jobbar mange timar til saman, og har lange dagar. Alle hjelper til, fortel Knut. 

Rita meiner at variasjonen i arbeidet gjer det artig å vere bonde.

– Her er både dyr, planter og maskiner, så det mykje ulikt å gjere. Og så er det mest artig når det går bra, seier ho.

Knut er einig.

– Eg likar når det er mykje korn, mange rundballar og god produksjon i grishuset. Kvardag og produksjon heng i hop, og det er glede i begge deler. 

Skolehage

Rita har arbeidd mykje med å formidle gardsdrift og planteglede til både barnehage og skole. I ti år brukte ho nært eit halvt årsverk på å ta i mot barnehagane i kommunen på gardsbesøk. I år har ho ei skolegruppe innom garden.

– 3. trinn på Tredal skole har planta og sett potet. Elevane har også luka, og i morgon kjem dei for å hauste. Dei skal bruke grønsakene på skolen, fortel ho.

Dei to prisvinnarane på Flatvad har mykje dei kunne tenke seg å gjere. 

– Vi har blant anna ei seter som vi kunne gjort noko med, seier Rita.

– Men vi har det for travelt, skyt Knut inn. Dei er einige om at dei får vere nøgd med å fortsette drifta dei har. 

 

Les meir om prisvinnarane: Kulturlandskapsprisen 2024 til Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

Les meir om Kulturlandskapsprisen: Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

Juryen sin uttale

Knut og Rita arbeider både som kulturlandskapspleiar og med produksjonslandskap for å sikre norsk matproduksjon. Denne kombinasjonen er viktig for eit berekraftig landbruk. Slik er prisvinnarane framifrå ambassadørar for landbruket.

Juryen:

  • Else-May Botten, statsforvaltar (leiar)
  • Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal
  • Hilde Arna Tokle Yri, seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv hos Møre og Romsdal fylkeskommune 
  • Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal