Krav om årleg gjødslingsplan

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Før kvar vekstsesong skal alle føretak som driv planteproduksjon ha gyldig gjødslingsplan.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.02.2022

Alle føretak som driv planteproduksjon og som har rett på produksjonstilskot skal ha gyldig gjødslingsplan før kvar vekstsesong. Dette i samsvar med Forskrift om gjødslingsplanlegging.

Ein gjødslingsplan ha som mål å gje grunnlag for ei kvalitetsmessig god avling, avgrense avrenning til vassdrag og avgrense tap til luft frå jordbruksareal.

Gjødslingsplanen skal vere basert på jordprøver og skal innehalde kart med teiginndeling. For kvar teig skal det vere opplyst areal, jordtype og jordanalyse for pH, fosfor, kalium og moldinnhald, forgrøde, årets vekst, venta årleg behov for nitrogen, fosfor og kalium samt kor mykje som blir tilført gjennom husdyrgjødsel.

Kommunane kontrollerer om føretak har gyldig gjødslingsplan i samband med kontroll av produksjonstilskot. Mangel på gyldig gjødslingsplan fører til avkorting i areal- og kulturlandskapstilskotet. Dersom det feilaktig er opplyst at føretaket har gjødslingsplan, kan det bli avkorting for feilopplysningar i tillegg.

Mange har fått utarbeidd gjødslingsplanar med varigheit på 5 år, men det er berre i nokre tilfelle (mindre enn 5 gjødseldyreiningar, ekstensiv driftsform, lite variasjon i arealbruk) at regelverket gir rom for at kommunen kan godkjenne at gjødslingsplanen kan vare i inntil 5 år. Det er no nødvendig å skjerpe inn kravet til at ein gjødslingsplan skal vere årleg, men den som har ein 5-årig plan som ikkje er utgått vil i ein overgangsfase kunne rekne den som gyldig ut den perioden den gjeld for.

Det er ikkje fastsett krav til kven som kan utarbeide ein gjødslingsplan, men vi ser at det i all hovudsak er landbruksrådgjevinga som står for gjødslingsplanlegging her i fylket.

Kontaktpersonar