Jordkartlegging i Møre og Romsdal

Helene Stav frå NIBIO presenterte jordsmonnkartlegginga i Hustadvika kommune på eit møte arrangert av kommunen i februar. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I 2023 og 2024 har Hustadvika kommune fått kartlagt jordsmonnet sitt. Det gir kunnskap til planlegging og bruk av jordbruksareala.

Publisert 08.04.2025

Møre og Romsdal er eit av fylka med lågast dekning av kartlagt jordsmonn. 27 prosent av jordsmonnet i jordbruksarealet i fylket er no kartlagt. Totalt i Norge er 60 prosent kartlagt.

Tidlegare har kommunane Surnadal og Sunndal fått kartlagt jordsmonnet sitt. Det same har mindre deler av kommunane Gjemnes, Ørsta og Volda.

Med meir enn fjerdeparten av arealet i fylket kartlagt, har vi grunnlag for å sjå nærmare på kva dette gir oss av kunnskap, og korleis denne kunnskapen kan nyttast i praksis.

I februar arrangerte Hustadvika kommune og NIBIO møte om jordkartlegginga i kommunen. Det er svært ulike jordtypar i kommunen. Det kan vere jord med svært ulike eigenskaper innanfor eit relativt lite geografisk område, og det kan gå skarpe grenser mellom jordtypane.

Den enkelte bonde kjenner nok til kva jordtypar det er på sin eigedom, men når dette blir kartfesta over eit større område, skaper det moglegheiter for oversikt og betre planlegging. Eksempel på kva jordsmonndata kan vere nyttig for, er i fylgje NIBIO:

  • Arealplanlegging (viktig å ta vare på den beste jorda)
  • Kor stor del av den dyrka jorda har stor erosjonsrisiko?
  • Kor mykje areal har stort grøftebehov eller er tørkeutsatt, og kor er det arealet?
  • Kva areal har store avgrensingar for jordbruksdrift, og kva er årsak til det?
  • Å vurdere jorda sin karbonlagringsevne
  • Å planlegge drifta, med val av leigejord og val av vekstar

Det er planlagt jordkartlegging i fleire kommunar i åra som kjem.

Meir informasjon om temaet: Jordkartlegging - Nibio