Nye rutiner for avløysing ved sjukdom
Elektronisk løysing for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. skal takast i bruk frå 15. august 2018, med raskare og enklare behandling.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå 15. august vert rutinane for søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. endra.
Søk elektronisk
Føretak må registrere søknad om tilskot i Altinn.no. Kvittering for innsendt søknad og vedtak på saka blir sendt til føretaket sin innboks i Altinn. Vedtak blir varsla via oppgjeven kontaktinformasjon (anten e-post eller mobilnr.) i søknaden.
Betre informasjon - raskare behandling
I det nye systemet kan søkjarar få ei førebels berekning av tilskotet. Saksbehandlinga i kommunen vil bli enklare; saksbehandlar skal først og fremst kontrollere opplysningane og dokumentasjonen i saka. Dei kan kontrollere opplysningar om inntekt mot tal frå skatteetaten og a-meldinga direkte i løysinga.
Systemet berekner tilskot til utbetaling. Når kommunen har fatta vedtak om tilskot, vil pengane normalt vere på søkjar sin konto innan nokre dagar.
Brukarrettleiing
Videoar, skriftleg rettleiing til systemet og rundskriv blir lagt ut på Landbruksdirektoratets nettsider: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/velferdsordninger/avlosning-ved-sykdom