Viktige endringar i regelverket - tidlegpensjon for jordbrukarar
Det har skjedd fleire sentrale endringar i regelverket. Mellom anna kan bønder no få utbetalt tidlegpensjon samtidig med at dei får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefesta pensjon frå NAV.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen behandlar søknadar om tidlegpensjon
Frå no av skal søknad om tidlegpensjon for jordbrukarar sendes direkte til Fylkesmannen i Møre og Romsdal med nødvendig dokumentasjon. Kommunen har ikkje lenger ei formell rolle i saksbehandlinga.
Månadleg utbetaling
Frå og med juni 2019 blir tidlegpensjon utbetalt kvar månad, og ikkje lenger kvartalsvis. Tidlegpensjonistane vil få elektroniske meldingar om utbetaling.
Alle som har eller får tidlegpensjon i 2019 vil få utbetalt same beløp kvar månad, basert på 100 000 kroner årleg til einbrukarar (når det berre er ein person som søkjer pensjon på grunnlag av gardsdrifta), og 160 000 kroner årleg til par som er tobrukarar (når det er to personar, ektefelle eller samboar, som søkjer pensjon). Ektefelle/samboar kan ikkje lenger velje forlenga utbetalingstid.
Kan få tidlegpensjon samtidig med ytingar frå NAV
Frå 2019 blir det utbetalt tidlegpensjon sjølv om ein også får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefestet pensjon.
Kontaktpersonar
-
Åslaug Røberg
Tlf: 71 25 85 76