Kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 3 millionar kroner til kommunane for ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.
Om fordeling av dreneringsmidlar 2024
Nasjonalt er det sett av 68 millionar kroner til drenering av jordbruksjord. Møre og Romsdal har fått tildelt 3 millionar kroner.
Til forskjell frå tidlegare år, har ikkje unytta midlar frå fjoråret blitt overført. Det er derfor vesentleg mindre midlar disponibelt i år enn tidlegare. Bakgrunnen er at ein i jordbruksoppgjeret 2023 blei samde om at unytta midlar, for fleire ordningar finansiert over Landbrukets utviklingsfond (LUF), skal dragast inn for å styrke eigenkapitalen i fondet. Les meir om dette i Prop. 121 S (2022 - 2023).
For 2024 har kommunane meldt inn eit samla behov på 9 160 000 kroner. Det er dermed eit stort sprik mellom behovet og midlar som er til fordeling. Samtidig er det forventa ei auking i tilsagn i år, som følgje av 60 prosent auke i tilskotssatsane i 2023.
For å få til ei mest mogleg rettferdig fordeling mellom kommunane er det nytta ein fordelingsnøkkel. Denne tek utgangspunkt i tre objektive kriterium: Tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedommar og tal på jordbruksareal i drift i kommunane. Utover dette er det lagt vekt på innmeldt behov og tidlegare forbruk.
Kommunevis fordeling 2024:
Aukra |
50 000 |
Smøla |
105 000 |
Aure |
135 000 |
Stranda |
110 000 |
Averøy |
120 000 |
Sula |
30 000 |
Fjord |
110 000 |
Sunndal |
115 000 |
Giske |
55 000 |
Surnadal |
190 000 |
Gjemnes |
140 000 |
Sykkylven |
95 000 |
Haram |
110 000 |
Tingvoll |
100 000 |
Hareid |
20 000 |
Ulstein |
20 000 |
Herøy |
20 000 |
Vanylven |
130 000 |
Hustadvika |
315 000 |
Vestnes |
125 000 |
Kristiansund |
30 000 |
Volda |
215 000 |
Molde |
220 000 |
Ørsta |
175 000 |
Rauma |
100 000 |
Ålesund |
110 000 |
Sande |
55 000 |
SUM |
3 000 000 |
I tillegg til dei midla som allereie er fordelt, kan kommunane disponere inndratte midlar frå prosjekt som ikkje er blitt noko av. Erfaringsvis blir det dratt inn relativt mykje midlar på dreneringsordninga gjennom året. Det er svært viktig at desse midla blir innvilga til nye tiltak. Vi oppmodar kommunane til å følgje med på saker der arbeidsfristen held på å gå ut, og ta stilling til om midla skal omdisponerast til nye tiltak i eigen kommune eller omfordelast til andre kommunar.
Statsforvaltaren vil òg følgje med på forbruket av midlar i kommunane og gjennomføre fire omfordelingsrundar i løpet av året: 1.april, 1.juni, 1.september og 15.oktober.
Forbruk av midlar i 2023
I fjor blei det innvilga 9 914 796 kroner til drenering av jordbruksjord her i fylket. Av dette utgjer nye saker 9 752 526 kroner, mens resterande gjeld eldre saker der det er fatta eit nytt vedtak i saka. Totalt blei det innvilga tilskot til 257 dreneringstiltak. Tabellen nedanfor viser sum tilskot og tal innvilga søknader på regionnivå.
Regionar |
Sum tilskot |
Tal innvilga søknader |
Nordmøre 1 |
1 632 924 |
56 |
Romsdal 2 |
4 042 916 |
79 |
Sunnmøre 3 |
4 076 686 |
122 |
Sum |
9 752 526 |
257 |
Hustadvika kommune innvilga flest midlar med vel 1,8 millionar kroner fordelt på 39 tiltak. Dernest følgde Smøla, Volda, Surnadal og Molde.
Formålet med tilskotsordninga
Formålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Ordninga skal forvaltast etter forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord med tilhøyrande rundskriv.
Ta kontakt med din kommune om du vil søkje om tilskot til drenering
Det er kommunen som mottar og behandlar søknader og fattar vedtak om tilskot til drenering. For meir informasjon om ordninga og søknadsfristar, sjå kommunens utlysing eller ta kontakt med din kommune.