Auka fylkesramme til dreneringsordninga
Møre og Romsdal har fått 2 millionar kroner ekstra til drenering av jordbruksjord.
Meir midlar til drenering av jordbruksjord
Opphavleg var det avsett 68 millionar kroner til drenering av jordbruksjord i 2024. Med bakgrunn i auka etterspurnad, og behov for meir midlar, har avtalepartane vorte samde om å auke tilskotsramma med 35,357 millionar kroner. Den nasjonale tilskotsramma for 2024 blir da 103,357 millionar kroner. Les meir om dette her: 35 millioner kroner mer til drenering i jordbruket for 2024 - regjeringen.no
Auka ramme i Møre og Romsdal
Frå den opphavelege ramma på 68 millionar kroner fekk Møre og Romsdal tildelt 3 millionar kroner. Dette vart fordelt på kommunane i februar. Av dei ekstra midla har fylket fått tildelt 2 millionar kroner, og dette har blitt fordelt på kommunane no i april. Samla blir den totale ramma for fylket på 5 millionar kroner.
Tabellen under viser kva kommunane fekk tildelt i februar, tilleggssummen dei har fått i april, samt den totale tildelinga for 2024.
Kommune |
Tildeling i februar* |
Ekstratildeling i april** |
Totalt tildelt |
Aukra |
50 000 |
100 000 |
150 000 |
Aure |
135 000 |
233 000 |
368 000 |
Averøy |
120 000 |
165 000 |
285 000 |
Fjord |
110 000 |
0 |
110 000 |
Giske |
55 000 |
50 000 |
105 000 |
Gjemnes |
140 000 |
303 472 |
443 472 |
Haram |
110 000 |
0 |
110 000 |
Hareid |
20 000 |
0 |
20 000 |
Herøy |
20 000 |
0 |
20 000 |
Hustadvika |
315 000 |
250 000 |
565 000 |
Kristiansund |
30 000 |
0 |
30 000 |
Molde |
220 000 |
-100 000 |
120 000 |
Rauma |
100 000 |
0 |
100 000 |
Sande |
55 000 |
22 314 |
77 314 |
Smøla |
105 000 |
79 000 |
184 000 |
Stranda |
110 000 |
40 000 |
150 000 |
Sula |
30 000 |
0 |
30 000 |
Sunndal |
115 000 |
0 |
115 000 |
Surnadal |
190 000 |
130 000 |
320 000 |
Sykkylven |
95 000 |
114 080 |
209 080 |
Tingvoll |
100 000 |
100 000 |
200 000 |
Ulstein |
20 000 |
0 |
20 000 |
Vanylven |
130 000 |
300 000 |
430 000 |
Vestnes |
125 000 |
13 134 |
138 134 |
Volda |
215 000 |
200 000 |
415 000 |
Ørsta |
175 000 |
0 |
175 000 |
Ålesund |
110 000 |
0 |
110 000 |
Totalt |
3 000 000 |
2 000 000 |
5 000 000 |
Føringar frå Landbruksdirektoratet
I brev til statsforvaltarane, datert 25. mars, omtalar Landbruksdirektoratet prioritering av søknader. Her vert det tilrådd å følgje førstemann-til-mølla-prinsippet ved saksbehandlinga, i samsvar med vilkår i forskrifta og føringar i tildelingsbrevet som seier at korn-, potet- og grønsaksareal skal bli prioritert, mellom anna med omsyn til vassmiljøutfordringar.
Vidare skriv Landbruksdirektoratet at søknadar som ikkje kan behandlast på grunn av mangel på midlar, ikkje nødvendigvis må bli avslått. I staden kan ein informere søkjarane om at dei kan forvente behandling seinare på året, dersom inndregne midlar opnar for ekstra tildeling, eller i det etterfølgjande året. Dette inneber at søknader blir sett på vent for framtidig behandling i staden for å bli avslått. Kommunen må ha dialog med søkjar om eventuelle endringar i planlagd dreneringsaktivitet.
To hovudfordelar med denne tilnærminga er at søkjaren ikkje treng å søkje på nytt, og at førstemann-til-mølla-prinsippet blir følgt også viss søknaden må vente til neste år.
Inndratte midlar og omfordeling
I tillegg til dei midla som er fordelt, kan kommunane disponere inndratte midlar frå prosjekt som ikkje er blitt noko av. Erfaringsvis blir det dratt inn relativt mykje midlar på dreneringsordninga gjennom året. Det er svært viktig at desse midla blir innvilga til nye tiltak. Vi oppmodar kommunane til å følgje med på saker der arbeidsfristen held på å gå ut, og ta stilling til om midla skal omdisponerast til nye tiltak i eigen kommune eller omfordelast til andre kommunar.
Statsforvaltaren vil òg følgje med på forbruket av midlar i kommunane. Det er allereie gjennomført ein omfordelingsrunde 1. april og ytterlegare tre er planlagde: 1. juni, 1. september og 15. oktober.
Formålet med tilskotsordninga
Formålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Ordninga skal forvaltast etter Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord - Lovdatamed tilhøyrande rundskriv.
Ta kontakt med din kommune om du vil søkje om tilskot til drenering
Det er kommunen som mottar, behandlar søknader og fattar vedtak om tilskot til drenering av jordbruksjord. For meir informasjon om ordninga og søknadsfristar, sjå kommunen si utlysing eller ta kontakt med din kommune.