Tilskot til drenering av jordbruksjord
Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka jordbruksproduksjon, og å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
Det kan gis tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte arealer. Les meir om tilskot til drenering av jordbruksjord på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Statsforvaltaren skal:
- Fordele middel til kommunane ut frå ei fylkesramme.
- Følge med på forbruket av middel i kommunane og omfordele unytta midlar mellom kommunane.
- Rettleie kommunane om regelverket for tilskot til drenering av jordbruksjord, om krava til sakshandsaming som følger av forvaltningslova og om bruk av fagsystemet Agros.
- Behandle klagar på vedtak fatta av kommunane.
- Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk i fylket.
Forvaltning av ordninga
Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfrist, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Ta kontakt med din kommune for meir informasjon om ordninga.
Auka fylkesramme til dreneringsordninga
Møre og Romsdal har fått 2 millionar kroner ekstra til drenering av jordbruksjord.
Publisert 04.03.2024
Kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 3 millionar kroner til kommunane for ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.
Publisert 19.06.2023
Auka tilskot til drenering frå 1. juli 2023
I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1. juli 2023. Nye satsar gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli.
Publisert 08.02.2023
Kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2023
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 6 340 000 kroner til kommunane for ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.
Publisert 23.06.2022
Tilskot til drenering av jordbruksjord - auka tilskotssatsar frå 1. juli 2022
I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1.juli 2022.
Publisert 29.01.2021
Fordeling av kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på kr. 6 640 000,- til kommunane til drenering av jordbruksjord.