Slå eit slag for slåttemarka
Miljødirektoratet har utarbeidd ei flott brosjyre om slåttemarker. Den inneheld mykje nyttig informasjon om kva det er, kven som bor der, korleis skjøtte desse kulturskattane og kvifor dei er viktige for oss.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I blomsterenger er der fargerik og bølgande blomsterhav og eit yrande og summande liv. Blomsterengene har blitt til gjennom lang tids skjøtsel. Nyare, effektive driftsmetodar i landbruket har gjort blomsterengene ulønnsomme å drive, og mange står i fare for å gro att og bli borte.
Fleire insektsarter er heilt avhengige av blomsterengene, for å leve og utvikle seg. Desse insekta utgjer eit viktig mangfold. Nokre av dei er utryddingstrua.
Skal vi bevare slåttemarkene og mangfoldet der, må vi skjøtte dei på ein måte som gjer at tilstanden blir vedlikeholdt. Brosjyra handlar også om korleis skjøtselen bør skje.
Gjennom det regionale miljøprogrammet for Møre og Romsdal kan føretak med jordbruksdrift søkje om tilskot til å skjøtte verdifulle slåttemarker. Du kan også søkje om tilskot til trua naturtypar gjennom miljøforvaltninga.
Brosjyra blir sendt ut til alle som tek imot tilskot til skjøtsel av slåttemark gjennom Miljødirektoratet.
Kontaktperson hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal for tilskot gjennom det regionale miljøprogrammet er Arnold Hoddevik. Føretak som vil søkje regionale miljøtilskot, skal kontakte sin kommune.
Kontaktperson i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er Geir Moen.
Kontaktpersonar
-
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29