Masseoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret
Landbruksdirektoratet vil i haust starte automatisk oppdatering av alle jordbruksareal i Landbruksregisteret for alle kommunar. Landbruksregisteret er kontrollgrunnlag for arealbaserte søknader i jordbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppdateringa vil vere gjennomført innan 1. oktober, som er dato for opning av søknadsomgangen for produksjonstilskot.
Kartet er grunnlag for utmåle arealbaserte tilskot
Kartet er grunnlaget for arealtala i Landbruksregisteret. Det er derfor viktig at arealklassifiseringa (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i kartet er mest mogleg korrekt før oppdateringa. Tilsvarande vil eigedomsgrensene vere avgjerande for om arealtala vert knytte til rett eigedom. Vidare inneheld Landbruksregisteret opplysningar om kven som eig dei ulike eigedomane, og kva for grunneigedomar som er knytt til ein landbrukseigedom. Alle desse tre forholda, arealtilstand, eigedomsgrenser og eigaropplysningar, verkar inn på berekninga av storleiken på jordbruksareal.
Kommunen har ansvar for kartet
Kommunane har ansvar for å halde Landbruksregisteret mest mogleg oppdatert. Det er viktig at eventuelle feil vert retta før massivoppdateringa. Dersom det ikkje let seg gjere å rette feila innan fristen, kan kommunen ta unna desse eigedomane for oppdatering av arealtal. Dette kan vere eigedomar med manglande eigedomsgrenser, uklare jordsameige, omtvista eigedomar osb..
Ta kontakt med kommunen om feil.
Det er viktig at grunneigarar og dei som driv jordbruk tek kontakt med kommunen om feil i kartet, slik at areala vert rett utrekna og tilskotet utmålt på korrekte arealtal.
Frist for retting av arealklassifisering er 20. august.