No er det tid for å søkje produksjonstilskot

31.07.2016 blir det opna for å søkje produksjonstilskot. Det er ein fordel om du søkjer via internett. Informasjon om korleis kan du finne her. Frist er 20. 08.2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.07.2016

31.07. er registreringsdatoen for opplysningar som skal førast opp i søknadsskjema. Difor er 31.07. den første dagen det er mogleg å levere søknaden. Ver tidleg ute, for då er du sikra å få inn søknaden i tide.

Det er også mogleg å søkje etter at fristen er ute, men då vert det ein reduksjon i tilskotet på 1000 kroner per dag rekna frå dagen etter søknadsfristen til den dagen søknaden er motteken i kommunen.

Kven kan søkje
Føretak registrerte i Einingsregisteret, og driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar kan søkje om produksjonstilskot. Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret innan søknadsfristen, 20. 08. Føretak som driv berre med birøkt, er fritekne frå kravet om at produksjon skal skje på ein eller fleire landbrukseigedomar .

Korleis søkje
Alle føretak blir oppmoda om å levere søknaden via internett. Det er positivt at andelen slike søknader har auka dei siste åra. Føretak som ikkje har tilgang til internett kan få hjelp hos kommunen. Dersom det er umogleg å levere via internett, kan søknaden leverast på papir.

  • Det er fleire fordeler med å levere via internett
  • Søknaden er utfylt med grunnopplysningar på førehand.
  • Du kan sjå søknadsdata  frå tidlegare søknadsomgang.
  • Du kan kontrollere mange av opplysningane i søknaden før du leverer.
  • En feilfri søknad aukar muligheita  for at du får tilskotet utbetalt ved hovudutbetalinga, og ikkje seinare.
  • Færre papirsøknader og betre datakvalitet effektiviserer forvaltninga sitt arbeid.
  • Du kan lagre eller skrive ut PDF med opplysningane du har lagt inn i søknaden.

NB: SJEKK AT SØKNADEN ER SENDT! Når du til slutt ser eit samandrag av alle opplysningane i søknaden, må du passe på å klikke på knappen for innsending. Først då får du kvitteringa til «Min meldingsboks» i Altinn. Opne meldingsboksen, slik at du er sikker på at kvitteringa er mottatt.

Kvar finn du søknaden
Du kjem enklast til søknaden via www.landbruksdirektoratet.no, der det vil vere tydelege lenker til både informasjon og skjema, jf bildet til denne artikkelen. Du må logge inn for å fylle ut og levere søknaden. Du må velje rett føretak, før du startar utfyllinga, og du må ha rett til å handle på vegne av føretaket (ha tilstrekkeleg rolle).

Roller og rettigheiter
Tilgang til tenesta har alle med Altinnrolla «Primærnæring og næringsmidler» eller enkeltrettigheiter i tenesta. Primærnæring og næringsmidler blir automatisk tildelt til alle med følgjande roller frå Einingsregisteret; innehavar av enkeltpersonføretak, styreleiar, dagleg leiar og deltakar i ANS/DA. Dersom du skal søkje på vegne av eit selskap, er det smart å sjekke på førehand om du har nødvendig rolle.

Korleis logge inn
Sjølve innlogginga skjer via www.altinn.no, og du kan velje mellom fleire  metodar for å identifisere deg.

  • MinID – felles offentlig  løysing for innlogging
  • Bank ID – felles samordna infrastruktur, som er utvikla av banknæringa.
  • BuyPass – elektronisk identitetssystem med same sikkerheit som BankID, m.a. brukt av Norsk Tipping

BankID og Min ID er dei mest brukte metoden for å identifisere brukarar ved innlogging på internett og ved elektronisk signering av dokument.  Med BankID loggar du på akkurat slik som i nettbanken.

Søk hjelp og rettleiing
Altinn hjelper til med spørsmål og problem knytt til innlogging og delegering av roller i Altinn. Kommunen din hjelper til med opplysningar om regelverk og spørsmål knytt til søknaden. Snakk med kommunen, for å få hjelp til søknaden.

Fylkesmannen kan også svare på generelle spørsmål om regelverk  utan tilknyting til ei konkret sak og om å søkje.

I lag med denne artikkelen finn du også link til meir informasjon på www.Landbruksdirektoratet.no.

Kvar som skjer med søknaden
Når søknaden er levert via internett, hamnar den hos landbruksforvaltninga i kommunen der landbrukseigedomen, som  føretaket driv er plassert. Kommunen vil behandle søknadene, som blir maskinelt kontrollerte mot ulike register i løpet av hausten. Dei blir også manuelt behandla av kommunen sin saksbehandlar. Enkelte søknader blir også trekte ut for kontroll på bruket.

Ferdigbehandla søknader blir utbetalte sala for heile landet  i februar 2017. Eit fåtal søknader, som det oppstår ekstra problem med, kan ta litt lenger tid å få ferdige.