Rovvilt - førebygge skade og dempe konflikt

Statsforvaltaren behandlar søknadar om tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar.

 

Tilskota skal bidra til å førebygge skadar på husdyr og tamrein påført av rovvilt. Ordninga skal også bidra til å dempe konfliktar og redusere ulemper i lokalsamfunn.

Rovviltregion 6

Møre og Romsdal er i rovviltregion 6, i lag med Trøndelag. Den regionale rovviltnemnda i regionen har ansvar for oppfølging av den todelte målsettinga som seier at  bestandane av rovvilt skal vere på det nivå som Stortinget har fastsett, og ein skal kunne drive utmarksbasert matproduksjon ved beitedyr. Nemndene lager forvaltningsplan for rovvilt for sin region der dei vedtar forvaltningsområde for rovvilt i regionen, geografisk fordeling av rovviltbestanden, prioriterte beiteområde, og setter retningsliner for bruk av tilskotsmiddel.

Statsforvaltaren behandlar enkeltsøknader om førebyggande og konfliktdempande tiltak på regionalt nivå. Rovviltnemnda fordeler midla mellom fylka, og prioriterer kor stor del av midla som skal øyremerkast for lokal kunnskapsinnhenting og konfliktdempande tiltak, og kor stor del ein skal bruke på førebyggande tiltak.

Førebyggje skadar og dempe konfliktar

Tilskotsordninga skal hovudsakleg bli brukt til tiltak som kan førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift. Vidare skal midlane bli brukt til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. I tillegg skal midlane dekke omstillingstiltak i område med mykje rovviltskadar.

Målgruppa er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar. I Møre og Romsdal har ein kommunale rovviltutval i kommunane Rindal/Surnadal, Sunndal, Molde, Rauma og Fjord som samordnar tiltak, samt søknad og rapportering av tilskot i sin kommune.

For konfliktdempande tiltak kan også lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar søke om tilskot.

Fire ulike tilskot

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15. januar for nasjonale tiltak, eller innan 15.februar til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for regionale tiltak.

Tiltaka skal ha direkte tapsreduserande effekt, og aller helst skilje rovdyr og beitedyr i tid og rom. Eksempel kan vere  tidleg nedsanking av beitedyr, seint slepp av dyr, utvida tilsyn, bruk av kadaversøkande hund, voktarhund, beredskapsbeite, bruk av elektronisk overvakingsutstyr, kurs for kadaversøkjande hund, kompetansehevingskurs for jegarar, utvikling av åteplassar, opprusting av feller, og andre tiltak for å auke kunnskapsgrunnlaget.

Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning.

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang kan også få tilskot.

 

I Møre og Romsdal nyttar vi kvart år ein del av midlane for å støtte forskingsprosjekt. Det kan vere større nasjonale prosjekt, som «Effekt i bruk av kadaversøkjande hund», «Scandlynx – bruk av viltkamera for bestandsovervaåing av gaupe», og det kan vere lokale prosjekt som dialogmøte mellom næring, forvaltning og organisasjonar, eller opprusting av skytebana på Skaret med vendbare bjørneskiver.

Ein kan søke om middel om det oppstår ein akutt skadesituasjon i eit beiteområde. Tiltak kan vere ekstraordinært tilsyn, innleige av kadaversøkande hund, sankestøtte, etablering av beredskapsbeite, ekstra fôring, halde sau tilbake på innmark ei periode, tidleg sanking av sau, skadefelling av skadegjerar, eller lokale infomøte.

 

Ved akutte tapssituasjonar i beitesesongen, ta straks kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Middel til akutte tiltak vert berre løyvd etter avtale med Statsforvaltaren på førehand. For at søknad om akutte middel skal bli løyvd må det vere dokumentert eit visst skadeomfang frå freda rovvilt, potensialet for framtidig og vedvarande skade må være til stedes og skadesituasjonen må vere akutt og pågåande

Miljødirektoratet er vedtaksmynde for dette tiltaket, der saueeigarar kan søke omstillingsmiddel for å slutte med beitedrift og hald av sau i område med stor konflikt mellom beitedyr og rovvilt.


Publisert 06.01.2021

Søk tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskader og konfliktdempande tiltak

Det er straks tid for å søkje om tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak i beiteområde. Fristen er 15. februar 2021.


Publisert 10.10.2019

Tidleg sanking av sau i Møre og Romsdal kan redusere tap

For å unngå liding og tap av lam til jerven har sauehaldarane i Møre og Romsdal henta heim sauer og lam ekstra tidleg frå høgfjellsbeite i år. I det første beiteområdet starta dei sanking allereie 6. august. Det er av dei tidlegaste datoar for berging av sauen frå jerven i fjellet og skogen. Vanlegvis sankar ein sau her først i starten av september.