Kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald

Pelsdyrbønder som har bestemt seg for å avvikle no, kan søke om kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2019

Informasjon

Fylkesmannen vil halde informasjonsmøte om saka våren 2020.

Landbruksdirektoratet har oppretta eigne sider, der du som pelsdyrbonde finn informasjon om gjeldande regelverk, og korleis du søker om kompensasjon.

Sidene vil verte oppdaterte etter kvart som ny informasjon eller skjema er klar:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/erstatning/andre-ordninger/pelsdyr-kompensasjon#om-pelsdyrkompensasjon

Seinare vert det publisert ein mal for riving og opprydding.

To typer kompensasjon

  • Du kan søke om kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald.
  • Du som pelsdyrbonde kan òg søke om å få dekt utgifter i samband med riving og opprydding etter avvikling av produksjonen. Det skal utarbeidast ein plan for arbeidet som viser korleis og når arbeidet skal gjennomførast. Ver her merksam at du må ha løyve til riving etter anna gjeldande regelverk som t.d. plan- og bygningslova, forureiningslova. Kontakt kommunen om dette.

Vedtak  om kompensasjon

Søknaden skal sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som gjer vedtak om kompensasjon.

Klagerett

Vedtak om kompensasjon er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og der med klagerett. Dei som ønsker å klage på vedtak gjort av fylkesmannen, får klaga si behandla av Landbruksdirektoratet.

Fristar

  • Frist for å søke kompensasjon for ikkje realiserbar drift- og anleggskapital (bokført verdi 31.12.2017 og større påkostnader i 2017) og avlstisper (i 2017), er 12 månader etter at du har avvikla pelsdyrhaldet.
  • Frist for å sende inn søknad om kompensasjon etter riving og opprydding er 31.12.2025.

Ansvar for ordninga

Stortinget har vedtatt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 2025. Landbruksdirektoratet har ansvar for å forvalte ordninga, som er basert på gjeldande lov og forskrift, jf vedlagde linkar:

  • Lov om forbod mot hold av pelsdyr
  • Forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr mv.