Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
Fylkesnytt er ei felles nyheitsteneste på nett, med artiklar om landbruk og landbruksbaserte næringar.
Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom statsforvaltarane sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet. Ca to gonger i året leverer kvart embete eit utval artiklar. På denne sida kan du lese om stoff frå Møre og Romsdal.
Fylkesnytt nr. 2/2024 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Kartlegging av matforsyningssikkerheit i fylket, tap av lam til jerv i Reinheimen, mobiliseringsmøte om garden som ressurs og kulturlandskapsprisen til eit gardbrukarpar i Sunndal.
Publisert 12.03.2024
Fylkesnytt nr. 1/2024 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Kva som skal til for å skape matglede hos eldre, landbruksplan med jordvernstrategi i Sykkylven kommune, forvaltningsplanen for det utvalde kulturlandskapet Eikesdalen og strategimøte om skognæringa.
Fylkesnytt nr. 2/2023 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om vinnaren av kulturlandskapsprisen som skjøttar kystlyngheia. Andre tema er kartlegging av beiteressursane i verdsarvområdet Geiranger, nytt og spennande samarbeid i kystskogbruket, stor granbarkbille påvist i Møre og Romsdal, og Tingvoll gard som base for NIBIO og NORSØK.
Fylkesnytt nr. 1/2023 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om kva som skal til for å nytte vestlandstømmeret endå betre enn vi gjer i dag. Andre tema er kommunane si handheving av driveplikt, Fylkesstrategi for landbruk 2023 – 2026, nesten dobling av planta skogareal i 2022, stipend frå Tredrivaren bidreg til at tresøppel vert designmøblar, og smakar frå Møre og Romsdal på Grüne Woche i Berlin.
Publisert 05.10.2022
Fylkesnytt nr. 2/2022 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om glede over midlar til jordvernstrategi i Ørsta kommune. Andre tema er støtte til rådgjeving for storfeprodusentar som har båsfjøs, Kulturlandskapsprisen, Matgledekorpset som inspirerer til mat- og måltidsglede for eldre, Kystskogkonferansen og nest høgaste treet i landet.
Publisert 10.03.2022
Fylkesnytt nr. 1/2022 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt , mellom anna med ein film om tredrivarsatsinga i fylket. Andre tema er klimaarbeid, utfordringar med veksande hjortebestand og ein rapport som omtalar mogelegheitene for meir økologisk landbruk i fylket.
Publisert 11.10.2021
Fylkenytt nr. 2/2021 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er no ute med det andre nummeret av Fylkesnytt for 2021. Her er fleire interessante saker. Les mellom anna om Designers’ Saturday, droner i landbruket og kulturlandskapsprisen 2021.
Publisert 24.02.2021
Fylkesnytt nr. 1/2021 frå Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om gründersatsinga Hoppid.no
Publisert 06.10.2020
Fylkesnytt nr 2/2020 frå Møre og Romsdal
Fylkesnytt 2/2020 med landbruksnyheiter fra Møre og Romsdal er no ute. I denne utgåva kan du mellom anna lese om utdelinga av kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2020.
Publisert 12.03.2020
Fylkesnytt nr 1/2020 frå Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om samling i nettverk for berekraftige bygg.