Tilskotswebinar 2025

Dato:
15. januar 2025 09:00 - 12:00
Stad:
Microsoft Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal med leiarar og ansvarlege for tilskotsforvaltninga innan helse, omsorg, velferds, barnevern og oppvekst og utdanning, innovasjonsansvarlege, og andre som jobbar med område der nemnte tilskot vil vere aktuelle stimuleringstiltak.  

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til informasjonsmøte om våre ulike tilskotsordningar.

Publisert 21.11.2024

Vi vil presentere skjønnsmidlar; prosjektskjønn og ordinære skjønnsmidlar. Under området Sosial berekraft går vi gjennom tilskot på helse, sosial, utdanning og barnevernsområdet.

Det blir høve til å stille spørsmål i chatten. Tilskotswebinaret skjer på Teams og vil følge eit fast program. Det betyr at dere kan gå inn og ut av møtet avhengig av dei ulike tilskotsordningane du ønsker å få presentert. Detaljert program kjem. Påmelding er ikkje nødvendig - lenke til arrangementet blir lagt ut på nettsida.   Webinaret er gratis.

Vi håper dette kan vere av interesse og ønsker velkomen til Tilskotswebinar.

Oppkobling

Webinaretstartar15. januar kl. 09.00, men vi åpner for påkobling noko før programstart.  

Klikk på lenka for å bli med: Microsoft Teams

Om du ikkje har Teams installert på PC-en din vil du kunne bli med gjennom nettlesaren din. Velg bli med i møte – Skriv inn namnet ditt og velg bli med i møtet. 

Om du opplever at bildet/filminga frys under konferansen, prøv då å gå ut frå sendinga og inn på nytt. 

Økonomi

Gratis arrangement

Målgruppe