Kommunebrev 2025

Kommunebrevet 2025 går til kommunane i Møre og Romsdal. I brevet informerer Statsforvaltaren om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.

Publisert 09.01.2025

Les Kommunebrevet 2025

Kommunebrevet er skrive til politisk og administrativ leiing i kommunane, og til politiske utval og andre aktuelle medarbeidarar.

Nasjonale forventningar 

Brevet gir ei oversikt over oppgåver og satsingar i nasjonal politikk, og løfter opp forventningane til kommunane. FN sine berekraftsmål, samarbeid og omstilling, barn, unge og folkehelse er gjennomgåande perspektiv i brevet.

Målet er at brevet skal samordne, skape samarbeid og dialog - gjerne også over kommunegrenser.

Presentasjon

Også i år vil vi lage ein powerpoint-presentasjon som kommunane kan nytte i ulike møte der forventningane er tema. Presentasjonen er under arbeid, og kjem her på nettsida snart. 

Kommunane må gjerne fylle inn med eigne slides der de seier noko om korleis dykkar kommune vil møte forventningane.