Forventningsbrev 2024

Forventningsbrevet 2024 går til kommunane i Møre og Romsdal. I brevet informerer Statsforvaltaren om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forventningsbrevet er skrive til politisk og administrativ leiing i kommunane, og til politiske utval og andre aktuelle medarbeidarar.
Nasjonale forventningar – berekraft og innspel til planlegging
Brevet gir ei oversikt over oppgåver og satsingar i nasjonal politikk, og løfter opp forventningane til kommunane. FN sine berekraftsmål og innspel til kommunane si planlegging er gjennomgåande i brevet.
Målet er at brevet skal samordne, skape samarbeid og dialog - gjerne også over kommunegrenser.
Presentasjon
I år har vi laga ein powerpoint-presentasjon som kommunane kan nytte i ulike møte der forventningane er tema.
Kommunane må gjerne fylle inn med eigne slides der de seier noko om korleis dykkar kommune vil møte forventningane.
Kontaktpersonar
-
Else-May Botten
Tlf: 71 25 84 12 -
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14 / 92 65 94 01