4 forskrifter om samanslåing av kommunar i Møre og Romsdal er fastsett
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette tirsdag 19. desember forskrift om samanslåing for kvar av dei 4 kommunesamanslåingane i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.12.2017
Innhaldet i forskrifta
I forskrifta står mellom anna namnet på den samanslåtte kommunen, tal på medlemmer i kommunestyret i den nye kommunen og ein del andre reglar som samanslåinga krev.
Forskriftane som no er fastsett for nye kommunar i Møre og Romsdal gjeld:
- Forskrift om sammenslåing av Ålesund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog kommuner til Ålesund kommune (PDF)
- Forskrift om sammenslåing av Midsund kommune, Molde kommune og Nesset kommuner til Molde kommune (PDF)
- Forskrift om sammenslåing av Hornindal kommune og Volda kommune til Volda kommune (PDF)
- Forskrift om sammenslåing av Eide kommune og Fræna kommune til Hustadvika kommune (PDF)
Kommunesamanslåingane blei vedtatt av Stortinget 8. juni i år.