Tildeling av prosjektskjønn 2025

Vi fekk 26 søknadar på til saman 35 millionar kroner. For 2025 er det tildelt 8,9 millionar kroner på prosjektskjønn.

Publisert 07.10.2024

For 2025 har følgjande prosjekt fått støtte:

Prosjektnr.

Tittel

Kommunar med (søkar først)

Tildeling i kroner

15-24-0009

Sammen skaper vi gode tverrfaglig lag for barn og unge - forebygging av utenforskap

Surnadal, Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Tingvoll

1 561 000

15-24-0010

Interkommunalt kommunikasjonsprosjekt

Volda, Ulstein, Skjåk

200 000*

15-24-0033

Felles kartsystem og forprosjekt for tjenestesamarbeid for plan, kart og byggesak på Nordmøre

Kristiansund, Aure, Averøy, Gjemnes, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal, Tingvoll

1 500 000

15-24-0029

Utarbeide plan for interkommunalt samarbeid på landbruk

Gjemnes, Kristiansund

    350 000

15-24-0015

Interkommunalt samarbeid om regnskap i Romsdalskommunene **

Molde,

Aukra, Hustadvika, Rauma, Vestnes

 

 

  800 000

15-24-0034

Interkommunalt samarbeid om lønn **

Molde, Aukra, Hustadvika, Kristiansund, Rauma, Vestnes, Ålesund

 

15-24-0042

Region Ålesund - Ny modell for interkommunalt samarbeid

Ålesund, Giske, Haram, Sula

1 500 000

15-24-0041

Sammen om bærekraftig slambehandling

Ålesund, Sula

1 000 000

 15-24-0043

Samarbeid Fjord, Sykkylven og Stranda kommunar

Stranda, Fjord, Sykkylven

1 000 000

15-24-0044

Interkommunalt samarbeid på ytre søre Sunnmøre

Sande, Hareid, Vanylven, Ulstein, Herøy

 

950 000

SUM

 

 

8 861 000

 

* I tillegg går Statsforvaltaren i Innlandet inn med kr 100 000,-.

**Prosjekta vert sett i samanheng med kvarandre og det vert føresett at prosjekta vert slått saman. Grunnavtalen blei ikkje vedtatt i formannskapet og er sendt tilbake til administrasjonen. Statsforvaltaren forutset vedtak for å innvilge.

Prosjektskjønn

I februar 2024 inviterte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kommunane i fylket til å søke om midlar til ordinært skjønn og prosjektskjønn for 2025. Vi tildeler kvart år skjønnsmidlar til kommunane og har ansvaret for å kome fram til ei god og rettferdig fordeling av midlane.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har som mål å dele ut så mykje som mogleg av ramma på om lag 50 millionar kroner gjennom statsbudsjettet, slik at skjønnsmidlane til kommunane er kjent før det nye året startar.

Fornying og innovasjon

Ein del av skjønnsmidlane skal gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Prosjektskjønn skal gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar i si verksemd. Prosjektets mål må vere å styrke kommunen sin rolle som tenesteprodusent, myndigheitsutøvar, lokaldemokratisk arena og/eller samfunnsutviklar, slik at oppgåvene blir løyst på ein betre måte.

For 2025 er målet at prosjektskjønn skal bidra til å møte omstillingsbehovet i kommunane med mellom anna meir strukturerte interkommunale samarbeid. Interkommunalt samarbeid kan bidra til ei meir berekraftig og innovativ oppgåveløysing. Samtidig må arbeidet med å nå berekraftsmåla halde fram. Også det krev mange nye måtar å jobbe på.

Prioriterer nokre område

På bakgrunn av dette inviterte vi kommunane til å søkje om prosjektskjønnsmidlar til å bygge opp meir strukturerte og berekraftig interkommunale samarbeid. Søknadar på områda barnevern, IKT, landbrukskontor, regionale plankontor eller administrative støttefunksjonar (til dømes løns- og rekneskapsavdeling) sa vi ville bli prioritert. Nettverk for klimatilpassing kunne også søke om prosjektskjønnsmidlar.

Interkommunalt samarbeid kan skje på fleire måtar. Kommunelova § 17-1 listar opp fleire former for interkommunalt samarbeid. Det kan skje til dømes gjennom eit kommunalt oppgåvefellesskap, vertskommunesamarbeid, interkommunalt selskap, aksjeselskap eller samvirkeforetak.

Premiss for prosjekta

For å få utbetalt midlar er det ein føresetnad at det ligg ved ein godkjent grunnavtale frå kommunestyra som ønskjer å etablere eit meir strukturert interkommunalt samarbeid. For å sikre at kommunane får tilstrekkeleg med tid til å få på plass ein grunnavtale, er fristen forlenga til 30. juni 2025. Vedtaket må sendast inn til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Prosjektskjønnmidlar blir utbetalt gjennom rammeoverføring frå Kommunal- og distriktsdepartementet etter dette.

Våre vurderingar tar utgangspunkt i føringane og kriteria vi sette i vårt invitasjonsbrev av 21. februar 2024.

Prosjekta kan gå over fleire år (maksimalt tre år), men kommunane må søke for kvart år. Kommunar som får midlar, må rekne med å bidra til å dele erfaringar frå prosjekta i ulike fora med andre kommunar. Rapportering av prosjekta må gjerast i same portalen som det vart søkt i (ISORD). Fristen for å rapportere inn på prosjektskjønn for 2025 er 1. februar 2026. Alle tildelingane er gitt med vilkår om å dele erfaringar og resultat med andre kommunar.

Retningslinene for skjønnstildelinga 2025: Utlysing av midlar til prosjektskjønn og ordinære skjønnsmidlar for 2025.