Statsbudsjettet 2021 - kommuneopplegget
I dag la regjeringa fram statsbudsjettet for 2021. Fylkesmanen vil her gi eit samandrag som kan vere nyttig for kommunane i samband med budsjettarbeidet i haust.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er ein pårekna prosentvekst frå 2020 til 2021 i frie inntekter for kommunane samla for Møre og Romsdal som er lik den pårekna prosentveksten for kommunane samla i landet. Pårekna vekst frå 2020 til 2021 er 3,0 prosent både for kommunane i Møre og Romsdal samla og for kommunane i landet samla.
Vi tek i innleiinga med endringar i kommuneøkonomien for inneverande år.
Kommunane har ei sentral rolle under koronakrisa med både å halde nede smitte og sørge for gode tenester til innbyggarane under dagens unntakssituasjon. Regjeringa vil sette kommunane i stand til å gi gode tenester både under og etter koronakrisa ved at dei legg opp til framleis vekst i kommunesektoren sine inntekter og regjeringa vil kompensere kommunesektoren for meirutgifter og mindreinntekter som følgje av koronakrisa.
Kommuneøkonomien – endringar i 2020
Regjeringa og Stortinget har iverksett omfattande økonomiske tiltak retta mot kommunesektoren i løpet av våren. Dette utgjer i alt 19,6 milliardar kroner.
- Samla sett er det vedtatt økte bevillingar til kommunesektoren på 17,4 milliardar kroner.
- I tillegg har kommunesektoren fått redusert utgifter som følge av at arbeidsgivaravgifta midlertidig blei redusert i to månader. Dette utgjer 2,2 milliardar kroner.
Nye forslag i proposisjon 21. september på 2,5 milliardar kroner:
- Kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtransport i Fylkeskommunen: 1,5 mrd.
- Skjønnsmidlar til kommunar til oppfølging av TISK: 500 mill.
- Støtte til lokalt næringsliv mv: 300 mill.
- Testing ved grenseovergangar: 200 mill.
Kommunane har også ein fordel av lågare anslått lønns- og prisvekst i 2020. Samanlikna med anslaget i saldert budsjett 2020, utgjer reduserte utgifter som følge av lågare lønns- og prisvekst 8,2 milliardar kroner.
Det endelege svaret på kor mykje kommunesektoren sparer på lågare lønns- og prisvekst, får vi ikkje før rekneskapstala for 2020 føreligg våren 2021.
Summen av vedtekne bevillingar og tiltak, nye forslag og lågare kostnadsvekst utgjer 30,3 mrd. kroner.
I nysalderinga av statsbudsjettet 2020 vil regjeringa komme tilbake med ei ny vurdering av kommunesektoren sine meirutgifter og mindreinntekter som følge av virusutbrotet. Regjeringa legg fram nysalderinga for Stortinget i andre halvdel av november.
Kommunal deflator 2020 og 2021
Lønns- og prisveksten i kommunesektoren målast ved den kommunale deflatoren. For 2020 talfestast denne nå til 1,6 pst., noko som er 0,2 prosentpoeng høgare enn i vår. Lønns- og prisveksten er framleis betydeleg lågare enn 3,1 pst. anslått i fjor haust. Lågare kommunal deflator i 2020 gir kommunesektoren økt handlingsrom med dei midlane som allereie er løyva. Denne innsparinga anslåast nå til 8,2 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett 2020, ned frå 9,1 mrd. kroner i RNB.
Dialog med kommunesektoren om dei økonomiske konsekvensane av korona
Regjeringa har tett kontakt med KS og politiske leiarar i kommunane om konsekvensane av virusutbrotet og korleis dette handterast. Som eit ledd i dialogen har regjeringa laga ei arbeidsgruppe med representantar frå staten og kommunesektoren for å kartlegge dei økonomiske konsekvensane som virusutbrotet har hatt for kommunesektoren. Det er av stor betydning at staten og kommunesektor kan bli einige om kva dei økonomiske konsekvensar virusutbrotet har hatt for kommunesektoren. Arbeidsgruppa skal systematisk gå gjennom kva typar utgifter eller inntekter som blir påverka av virusutbrotet. Arbeidsgruppa skal også gi eit anslag på kor mykje dei ulike typane utgifter og inntekter utgjer. Arbeidsgruppa skal levere ein endeleg rapport innan 1. april 2021. Arbeidsgruppa vil også komme med første delrapport i oktober 2020.
Kommuneopplegget for 2021
For å sette kommunane i stand til å levere gode tenester både under og etter koronakrisen, foreslår regjeringa at kommunesektoren får ein vekst i dei frie inntektene på 2 milliardar kroner i 2021. Av veksten på 2 milliardar kroner får kommunane ein vekst i dei frie inntektene på 1,6 milliardar kroner, mens fylkeskommunane får ein vekst på 0,4 milliardar kroner. Veksten er i tråd med det som var varsla i kommuneproposisjonen. Det er lagt inn ei binding på 200 millionar kroner, der 100 millionar kroner skal gå til satsing på barn og unges psykiske helse og 100 millionar kroner til satsing på ferjer og nullutslippsbåter.
Regjeringa foreslår også at kommunesektoren får eit særskilt tillegg på 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt som følge av koronakrisa i 2020. Dette kommer i tillegg til veksten i frie inntekter. Enkelte små kommunar har spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester. For å fange opp disse kommunane, føreslår regjeringa å auke skjønnsramma for 2021 med 30 millionar kroner.
Kommuneøkonomien under koronakrisa – forslag i statsbudsjettet 2021
Fylkeskommunane får 1,25 milliardar kroner i kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtransporten. I 2020 er fylkeskommunane kompensert med i alt 4,6 milliardar kroner som følge av tapte billettinntekter.
Smitteverntiltaka i samband med utbrottet av covid-19 har gitt økt belastning for pårørende av barn og unge med nedsett funksjonsevne. Regjeringa foreslår å auke rammetilskotet med 100 mill. kroner som ei eingongsløyve grunna med behovet for å gi eit godt habiliterings- og avlastningstilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne.
Regjeringa vil også legge fram eit tilleggsnummer til 2021-budsjettet i november med foreløpige anslag for meirutgifter og mindreinntekter for kommunesektoren i 2021, med tilhøyrande forslag til bevilling.
Våren 2021 vil den endelege skatteinngangen og lønns- og prisveksten i 2020 vere kjent. Arbeidsgruppa som kartlegg dei økonomiske konsekvensane for kommunesektoren av koronakrisen vil levere endeleg rapport innan 1. april. På den bakgrunnen vil regjeringa komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2021 med ei analyse av dei samla økonomiske konsekvensane av virusutbrotet for kommunesektoren.
Handlingsrom
I kommuneproposisjonen vart det anslått at kommunesektoren ville få meirutgifter knytt til den demografiske utviklinga på 1,6 mrd. kroner i 2021. Nå talfestast meirutgiftene til demografi til 1,1 milliardar kroner, kor kommunane sine meirutgifter utgjer 0,9 mrd. kroner. Disse meirutgiftene er knytt til tenester som vert finansiert av dei frie inntektene. Anslaget er gitt av Teknisk beregningsutvalg.
Regjeringa sitt forslag vil auke kommunesektoren sitt handlingsrom med om lag 700 millionar i 2021 når vi tek omsyn til meirutgifter knytt til demografi og satsingar innanfor veksten.
Ressurskrevjande tenester
Det er enkelte kommunar som har særs høge utgifter til ressurskrevjande tenestemottakarar. For å fange opp kommunane med spesielt høge utgifter per innbyggar, aukes skjønnsramma med 30 millionar kroner. Midlane skal rettast mot kommunar med under 3 000 innbyggarar som har ein særskilt stor økonomisk byrde på grunn av ressurskrevjande tenester. Det vil og vil tatt omsyn til andre faktorar som kommuneøkonomien. Midlane vil bli fordelt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, da dette berre gjeld nokre få kommunar.
Det har vært ein sterkt vekst i ordninga for ressurskrevjande tenester sidan den blei innført i 2004. Da var utbetalingane på 1,5 milliardar kroner, medan det i budsjettet for 2021 vert løyva over 11 milliardar kroner.
Kompensasjonsgraden haldast uendra på 80 prosent. Innslagspunktet for eigenandelen aukast frå 1 361 kroner i 2020 til 1 430 kroner i 2021.
Det vert foreslått ei innstramming ved ein auke innslagspunktet med 46 000 kroner utover lønnsveksten.
Dette er ei innstramming tilsvarande 300 millionar kroner og vil påverke kommunane sine budsjett allereie for 2020.
Skattøren 2021
Den kommunale skattøren viser kor stor del av skatt på alminneleg inntekt for personlege skattytarar som tilfaller kommunesektoren. Det er ein langvarig praksis for at skattøren fastsettast med sikte på at skatteinntektene skal utgjere 40 pst. av kommunane sine samla inntekter.
I statsbudsjettet vert den kommunale skattøren føreslått økt med 1,05 prosentpoeng til 12,15 pst. Den fylkeskommunale skattøren vert føreslått økt med 0,25 prosentpoeng til 2,7 pst. Skatteinntektene talfestast etter dette å utgjere 40 prosent av kommunesektoren sine samla inntekter i 2021.
Kommunesektoren sine inntekter frå skatt på inntekt og formue talfestast å utgjere om lag 233 milliardar kroner i 2021, ein nominell vekst på 6,4 prosent frå 2020. Den forholdsvis sterke auken i skattøren skyldast mellom anna relativt lav lønnsvekst og ein betydeleg justering ned av anslaget på skatt frå utbytte for 2020.
Anslaget på kommunesektorens skatteinntekter i 2021 bygger mellom anna på 0,6 prosent sysselsettingsvekst og 2,2 prosent lønnsvekst fra 2020 til 2021.
Eigedomsskatt
Maksimalsatsen for bustad og fritidsbustad vert ytterlegare redusert frå 5 til 4 promille. (Tidlegare satt ned frå 7 til 5 promille). Dette talfestast samla sett å redusere eigedomsskatten med om lag 300 millionar kroner. Enkeltkommunar vert ikkje kompensert for redusert eigedomsskatt. Når det gjeld kommunane samla sett, blir reduserte eigedomsskatteinntekter motsvart av auka kommunal skattøre. Dette skuldast føresetninga om at kommunesektoren sine skatteinntekter skal utgjere 40 prosent av sektoren sine samla inntekter. Eigedomsskatten inngår i sektoren sine samla skatteinntekter.
Maskinskatten
Produksjonsutstyr og -installasjonar er friteken for eigedomsskatt frå og med 2019. Tidlegare har det vert lagt til grunn at kompensasjonen for bortfallet skulle trappast gradvis opp til totalt 500 millionar kroner over ein 7-års periode. I statsbudsjettet for 2021 vert det foreslått å redusere den samla kompensasjonen til 300 millionar kroner i løpet av 7- års perioden.
I 2021 visast kompensasjonen av tabell C i grønt hefte. I alt 174,4 millionar kroner er fordelt særskilt for å kompensere kommunane i 2021.
Inntektssystemet for kommunane – revidert delkostnadsnøkkel for grunnskole
Som varsla i kommuneproposisjonen blir det gjort ei justering av delkostnadsnøkkelen for grunnskole i inntektssystemet for kommunane frå 2021. Endringa er ei tilpassing til at det frå 2018 blei innført ein norm for lærartettleik.
Norma for lærartettleik legg ei avgrensing på kommunane sine moglegheiter til å hente ut stordriftsfordelar, og smådriftsulempene blir dermed relativt sett også noko mindre enn tidlegare. For å ta omsyn til dette justerast vektinga av busettingskriteriene (sone- og nabokriteriet) og gradert basiskriterium (som fangar opp smådriftsulemper på kommunenivå) noko ned. Kriteriet tal på barn 6-15 år vektast tilsvarande opp.
Innføringa av norma blei finansiert med eit øyremerka tilskot i 2018 og 2019 – og i 2020 blei det øyremerka tilskotet på om lag 1,3 mrd. kroner innlemma i rammetilskotet til kommunane.
I 2020 ble midlane fordelt med ei særskilt fordeling i inntektssystemet. I denne fordelinga blei om lag 60 pst. av midlane fordelt etter grunnskolenøkkelen i inntektssystemet, mens 40 pst. ble fordelt til de kommunane med det største behovet for nye lærarar for å oppfylle norma.
Frå og med 2022 skal midlane i sin heilheit fordelast etter kostnadsnøkkelen.
For å få ein meir gradvis overgang frå dagens særskilte fordeling av midlane (tabell c) til en fordeling etter delkostnadsnøkkelen, vidareførast halvparten av midlane med særskilt fordeling i 2021 (om lag 676 mill. kroner) , mens dei resterande midlane fordelast etter ny nøkkel.
Fordelinga i tabell c i 2021 er tilpassa slik at 30 pst. av det beløpet som ble innlemma i 2020 blir fordelt etter faktisk behov (om lag 406 mill. kroner), mens dei resterande 70 pst. blir fordelt etter den reviderte grunnskolenøkkelen (950 mill.). (tabell c 2021: 406 mill etter behov, 270 mill. etter nøkkel).
Både endringane i delkostnadsnøkkelen og endringa i den særskilte fordelinga gir fordelingsverknader for den enkelte kommune, men for dei fleste kommunane er desse relativt små.
Kommunar som kommer negativt ut av endringa i delkostnadsnøkkelen er i hovudsak kommunar med svært høge verdiar på busettingskriteria og gradert basiskriterium. Nokre kommunar som har mottatt høge beløp gjennom den særskilte fordelinga i 2020 vil også kunne få ein reduksjon i inntektene når ein større del av midlane skal fordelast etter kostnadsnøkkelen.
Andre saker som påverkar rammetilskotet
- Frivilligsentralar – øyremerkast frå 2021 på kulturdepartementet sitt budsjett (-206,8 mill. kroner)
- Inntektsgradert foreldrebetaling SFO 3.-4.trinn frå skoleåret 2021-2022 (25 mill. kroner)
- Tros- og livssynssamfunn (utanom den norske kyrkje)- staten tar over kommunane sitt tilskotsansvar (-467,8 mill. kroner)
- Rett til ettervern i barnevernet – aldersgrensa aukast frå 23 til 25 år (24 mill. kroner) Pensjon i private barnehagar – redusert tilskot og skjermingsordning (netto -215,8 mill. kroner). Regjeringa foreslår å justere ned pensjonstilskotet til private barnehagar frå 1. januar 2021. Nedjusteringa inneber ein reduksjon i pensjonspåslaget frå dagens 13 pst. til 11 pst. av kommunane sine lønnskostnader. Årsaka er at private barnehagar i gjennomsnitt har lågare pensjonsutgifter enn dei får tilskot til. For å skjerme barnehagar med svak økonomi foreslår regjeringa å innføre ei overgangsordning med gradvis reduksjon i pensjonstilskotet for enkeltståande barnehagar. Reduksjonen i pensjonstilskotet gir ei innsparing for kommunane på 351,4 mill. kroner, mens skjermingsordninga inneber utgifter på 135,6 mill. kroner. Dette gir ei nettoeffekt på 215,8 mill. kroner i 2021.
- Nytt eigendelstak – skjerming av utsette grupper (50 mill. kroner). Eigendelstak 1 og 2 for frikort for helsetenester slås saman til eitt nytt eigendelstak frå 1. januar 2021. For å sette kommunane i stand til å skjerme utsette grupper som til kunne få utfordringar med høgare eigenbetaling, aukes rammetilskotet med 50 mill. kroner i 2021
Viser elles til regjeringa sine sider for meir informasjon:
https://www.regjeringen.no/no/statsbudsjett/2021/id2741050/
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44