Skjønnsmidlar og Fylkesløft/Prosjektskjønn for 2025
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å søkje på skjønnsmidlar for 2025.
Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for året 2025, og dei næraste åra, blir å møte omstillingsbehovet i kommunane med mellom anna meir strukturerte interkommunale samarbeid. Interkommunalt samarbeid kan bidra til ei meir berekraftig og innovativ oppgåveløysing. Samtidig må arbeidet med å nå berekraftsmåla halde fram. Også det krev mange nye måtar å jobbe på.
Prioriterte søknadar
På bakgrunn av dette inviterer Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kommunane til å søkje om prosjektskjønnsmidlar til å bygge opp meir strukturerte og berekraftig interkommunale samarbeid. Søknadar som er knytt til eitt av områda barnevern, IKT, landbrukskontor, regionale plankontor eller administrative støttefunksjonar (til dømes løn- og rekneskapsavdeling) vil bli prioritert.
Frist 1. juni
Statsforvaltaren deler kvart år ut skjønnsmidlar til kommunane i fylket. Vi har ansvar for ei god og rettferdig tildeling. Innspel frå kommunane er i så måte viktig. Frist for å søke om skjønnsmidlar er 1. juni 2024.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44