Siste fordeling av skjønnsmidlar 2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har for 2024 fått 51,6 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret. Vi har tidlegare fordelt 42,5 millionar kroner til kommunane. Her følger fordelinga av resterande 9,1 millionar.
Publisert 06.12.2024
Fordelinga på kommunenivå ligg vedlagt. Her har vi tildelt midlar til barnevern og til kommunar som har høge utgifter til ressurskrevjande tenestemottakarar. Av spesielle saker har midlane gått til:
- Vanylven: «tett på» pilot, eit verktøy inn i kommunen si strategiske planlegging som skal gi eit grunnlag for heilskapleg verksemdstyring og økonomistyring 200 000 kr.
- Sande: «tett på» pilot, eit verktøy inn i kommunen si strategiske planlegging som skal gi eit grunnlag for heilskapleg verksemdstyring og økonomistyring 200 000 kr.
- Fjord: «tett på» pilot, eit verktøy inn i kommunen si strategiske planlegging som skal gi eit grunnlag for heilskapleg verksemdstyring og økonomistyring 200 000 kr.
- Ørsta: Beredskapsnettverk for alle kommunar i Møre og Romsdal i samarbeid med KS, 210 000 kr.
- Stranda: «tett på» pilot, eit verktøy inn i kommunen si strategiske planlegging som skal gi eit grunnlag for heilskapleg verksemdstyring og økonomistyring 200 000 kr. I tillegg kommer tilbakeheldt skjønn for generell vurdering 200 000 kr, særleg høge utgifter til ressurskrevjande tenestemottakarar 2 100 000 kr og 300 000 kr til planarbeid i verdsarvområde Geiranger.
- Gjemnes: «tett på» pilot, eit verktøy inn i kommunen si strategiske planlegging som skal gi eit grunnlag for heilskapleg verksemdstyring og økonomistyring 200 000 kr.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44