Revidert nasjonalbudsjett 2020 og kommuneproposisjonen 2021
Fylkesmannen viser til Prop. 105 S , kommuneproposisjonen 2021, som vart lagt fram 12. mai 2020. Her følger ei kortfatta oversikt over dei viktigaste momenta i det økonomiske opplegget for kommunane virusutbrotet for 2020 og 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommuneøkonomien i 2020
Kommunar og fylkeskommunar har stått overfor store praktiske utfordringar med å ivareta samfunnskritiske funksjoner under virusutbrotet. Dei økonomiske konsekvensane for kommunesektoren er omfattande. Det er framleis stor usikkerheit om kor store dei økonomiske konsekvensane av virusutbrotet vil bli.
Som følge av redusert aktivitet i økonomien vil kommunar og fylkeskommunar få betydeleg lågare skatteinntekter enn lagt til grunn i statsbudsjettet for 2020. På fleire sektorar har brukarinntektene blitt kraftig redusert. Dette gjeld mellom anna barnehagar, skulefritidsordninga, kollektivtrafikken, kultur og idrett. Kommunar og fylkeskommunar har følgt regjeringa si oppfordring om ikkje å permittere tilsette, så utgiftene er ikkje redusert i takt med inntektsbortfallet. Kollektivtrafikken har hatt ein betydeleg reduksjon i passasjergrunnlaget, men må oppretthaldast blant anna for at samfunnskritisk personell skal kome seg til og frå jobb.
Den kommunale helse- og omsorgstenesta har auka kapasiteten som følge av virusutbrotet, og fleire kommunar har meirutgifter særleg til smittevernutstyr og helsepersonell.
Regjeringa og Stortinget har reagert raskt på krisesituasjonen, og det er allereie løyvd nærmare 6,5 mrd. kroner til kommunesektoren som ein konsekvens av virusutbrotet.
Kommunane har fått følgande tilleggsløyvingar tidlegare:
- 3,75 mrd. kroner i økt innbyggartilskot fordelt etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet
- 1 mrd. kroner som kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling i barnehagar og SFO
- 400 mill. kroner i ekstra skjønnsmidlar
Fylkeskommunane har fått følgande tilleggsløyvingar:
- 1 mrd. kroner som kompensasjon for tapte billettinntekter i kollektivtrafikken
- 300 mill. kroner til bedriftsintern opplæring, moglegheit til å auke kapasiteten innan vidaregåande opplæring og fagskolar for permitterte, samt styrking av dei regionale karriereveiledningssentrene
Økonomiske konsekvensar – foreløpig anslag for 2020
Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett gjort ei foreløpig vurdering av dei økonomiske konsekvensane for kommunesektoren av virusutbrotet. Det må understrekast at anslaga på meirutgifter, innsparingar og mindreinntekter er usikre.
Lågare skatteinntekter for kommunesektoren er anslått til 5,3 mrd., kor 4,0 mrd. kroner er for kommunane. Bortfall av brukarbetalingar innan barnehage, SFO og kollektivtrafikk er anslått til 5,5 mrd. kroner og for kommunane utgjer dette 2,5 mrd. kroner. Økte utgifter er anslått til 3,5 mrd. kroner. Dette omfattar i hovudsak kommunane sine meirutgifter innan helse- og omsorgstenesta. Som ein følge av lågare økonomisk aktivitet, forventast det lågare kostnadsvekst i norsk økonomi i 2020. Det vil også kome kommunar til gode i form av lågare ordinære driftsutgifter enn det det er budsjettert med. Innsparinga som følge av lågare kostnadsvekst er anslått til 9,1 mrd. for kommunesektoren samla, kor 7,7 mrd. kroner er for kommunane.
Gjennom allereie vedtekne løyvingar er kommunesektoren styrka med om lag 6,5 mrd. kroner (For kommunane utgjer dette 5,2 mrd. kroner).
Stortinget har bedt regjeringa sette ned arbeidsgivaravgifta med 4 prosentpoeng i 3. termin. Redusert arbeidsgivaravgift i ein termin inneber ei innsparing for kommunesektoren på om lag 2,2 mrd. kroner (2,0 mrd. kroner for kommunane). I revidert budsjett foreslår regjeringa auka løyvingar på 2,1 mrd. kroner (0,6 mrd. kroner for kommunane). Se tabellen nedanfor.
Regjeringa si vurdering er at allereie vedtekne løyvingar og forslag til nye løyvingar i revidert nasjonalbudsjett er sentrale tiltak for å redusere dei økonomiske usikkerheitene for kommunesektoren.
Lågare kostnadsvekst i 2020
Som ein følge av betydeleg lågare aktivitet i norsk økonomi, ventast det at kostnadsveksten i 2020 blir lågare. Dette inneber innsparingar på kommunale driftsbudsjett. Veksten i lønnsutgifter blir lågare og kommunale innkjøp må ventast å bli noko billigare enn budsjettert med. Den kommunale deflatoren er satt ned frå 3,1 til 1,4 prosent.
I statsbudsjettet for 2020 er kommunesektoren i sine inntektsrammer kompensert for ein anslått lønns- og prisvekst på 3,1 prosent. No forventast ein lønns- og prisvekst til 1,4 prosent. Det inneber ei anslått innsparing for sektoren på 9,1 mrd. kroner (For kommunane utgjer dette 7,7 mrd. kroner).
Revidert nasjonalbudsjett 2020 – andre forslag
I revidert nasjonalbudsjett foreslåast det å løyve om lag 2,1 mrd. kroner som kan knytast til koronasituasjonen i kommunane. 1,5 mrd. kroner går til fylkeskommunane som kompensasjon for bortfall av billettinntekter innan kollektivtransport. Midlane tildelast som skjønnstilskot.
Av tiltaksplanen for sårbare barn og unge på totalt 400 millionar kroner, går over 350 mill. kroner til kommunane. Av dette løyvast 150 mill. kroner over rammetilskotet. Dette dreier seg om midlar til helsestasjon- og skolehelseteneste og til aktiviserings- og avlastningstilbod for barn med store behov.
Vidare foreslåast det 140 mill. kroner til digitalisering i grunnskolen i form av øyremerka tilskot på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett.
50 mill. kroner til smitteverntiltak i kommunane for sårbare grupper, som for eksempel rusmisbrukarar, øyremerkast på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett.
Det etablerast også et tilskot på 80 mill. kroner på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett som skal bidra til å dekke kommunane sine utgifter dersom dei vel å gi kompensasjon til privatpraktiserande fastlegar som blir smitta av korona eller som må i karantene.
Den samla kompensasjonen til kommunesektoren bidrar til at kommunane kan kompensere private og ideelle aktørar for ekstrakostnader dei har grunna virusutbrotet, til dømes til smittevernutstyr, ekstra reinhaldskostnadar og auka bruk av vikarar også vidare.
Det vil vere opp til den enkelte kommune å fastsette størrelsen på kompensasjonen, men det føresettast at kommunen ikkje skal drive urimeleg forskjellsbehandling mellom verksemder med kommunal drift og verksemder som private driv på vegne av kommunen.
Kommunane bør gjennomføre planlagde prosjekt
Sjølv om det framleis er usikkerheit, er vi nå på veg til ein gradvis gjenopning av samfunnet. Regjeringa arbeider nå med aktuelle tiltak i fase 3, det vil si tiltak som kan bidra til auka aktivitet i økonomien. Regjeringa si oppfordring til kommunane er likevel denne: «Ikkje utsett planlagde prosjekt som likevel skal gjennomførast». Så langt råd er, bør desse gjennomførast, men på en måte som ikkje bidrar til nye smitteutbrot. På bakgrunn av allereie vedtekne og fåreslåtte tiltak for å styrke kommunane sin økonomi, er det ikkje behov for å sette kommunale prosjekter på vent. Det er viktig at kommunane ikkje bidreg til å forsterke konjunkturnedgangen.
Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2021
Regjeringa legg opp til en realvekst i dei frie inntekter i 2021 på mellom 2,0 og 2,4 mrd. kroner. Inntektsveksten for 2021 som varslast i denne proposisjonen, er rekna frå anslag på kommunane sine inntekter i revidert budsjett 2020, korrigert for verknaden av virusutbrotet.
- Fordelinga er slik:
- kommunane mellom 1,6 og 2,0 milliardar kroner.
- fylkeskommunane 0,4 milliardar kroner i 2021.
Demografikostnadane i kommunesektoren er noko høgare enn dei føregåande åra på 1,6 mrd. kroner. Det skuldast hovudsakeleg at demografikostnadane til fylkeskommunane igjen er anslått å auke med omlag 300 millionar kroner, etter nokre år med nedgang i demografikostnadane. Aukinga skuldast i hovudsak auking i tal på innbyggarar 16-18 år. Demografikostnadane for kommunane er venta å auke med 1,3 mrd. kroner.
Pensjonskostnader – nye anslag behefta med betydeleg usikkerheit
- Statsbudsjettet 2020: anslått nedgang i pensjonskostnadene på 450 mill. kroner.
- Kommuneprop 2021 – nytt anslag for 2020: pensjonskostnadene ytterlegare redusert med 1,9 mrd. kroner.
- Kommuneprop 2021 – anslag for 2021: pensjonskostnadene aukar med 300 mill. kroner.
Ny delkostnadsnøkkel for grunnskole
Hausten 2018 ble det innført en norm for lærar tettleik i grunnskolen. Innføringa av norma vart finansiert med eit øyremerka tilskot i 2018 og 2019. Det øyremerka tilskotet på om lag 1,3 mrd. kroner ble innlemma i rammetilskotet til kommunane frå og med 2020, og er gitt med ei særskilt fordeling.
Som varsla har vi nå vurdert behovet for å gjere endringar i delkostnadsnøkkelen for grunnskole for å ta omsyn til innføringa av norma for lærartettleik, og det er foreslått ei endring i delkostnadsnøkkelen frå og med 2021.
For å få ein gradvis overgang frå dagens fordeling til ei fordeling etter delkostnadsnøkkelen, vidareførast halvparten av midlane med særskilt fordeling i 2021, mens dei resterande midlane blir fordelt etter ny nøkkel.
Regjeringa kommer tilbake i statsbudsjettet til hausten med detaljane i fordelinga for 2021.
Frå og med 2022 blir alle midlane fordelt etter kostnadsnøkkelen.
Eit utval skal vurdere inntektssystemet for kommunane
Kommunane leverer viktige velferdstenester som barnehage, skole, helse og omsorg. Tenestene blir finansiert gjennom kommunane sine frie inntekter, som er midlar kommunane kan disponere fritt etter sine ønsker. Kommunane sine frie inntekter fordelast gjennom inntektssystemet.
For at systemet skal gi ei treffsikker fordeling av midlar, er det viktig at det blir oppdatert med jamne mellomrom. Regjeringa vil difor sette ned eit offentleg utval som skal foreta ei heilskapleg vurdering av inntektssystemet for kommunane. Utvalet blir bedt om å gjere prinsipielle og faglege vurderingar av fordelinga av inntekter og behovet for utjamning mellom kommunane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil kome tilbake med samansetninga av utvalet i løpet av våren. Utvalet skal etter planen levere sin utredning i løpet av våren 2022.
Skjønnsramma for 2021
Skjønnsramma for 2021 er på totalt 1 377 mill. kroner. For kommunane utgjer dette 995 mill. kroner og fylkeskommunane 382 mill. kroner. Av desse 995 mill. kroner, vil 850 mill. kroner bli fordelt av Fylkesmennene. Dette er en nedgang på totalt 100 mill. samanlikna med 2020.