Mykje raude tall for kommunane i Møre og Romsdal

I fjor hadde heile 19 av 27 kommunar i Møre og Romsdal eit negativt driftsresultat. Dei brukte meir enn dei fekk i inntekter. Åtte kommunar hadde meirforbruk, og har brukt opp sparepengane sine.
I dag har Statistisk sentralbyrå publisert dei ureviderte Kostra-tala for 2024 for kommunane. Tala viser at Den økonomiske situasjonen i kommunesektoren var svært alvorleg i 2024. Av alle landets 335 kommunar, hadde 192 eit negativt netto driftsresultat i fjor.
Kommuneøkonomien i Møre og Romsdal
– Berre fem av kommunane i Møre og Romsdal hadde eit netto driftsresultat over det anbefalte nivået på 1,75 prosent av brutto driftsinntekt. Heile 19 av kommunane hadde eit negativt netto driftsresultat, fortel seniorrådgivar Sissel Hol hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Ho seier at den stramme kommuneøkonomien også har ført til at fleire kommunar har tappa disposisjonsfondet sitt, altså alle oppsparte midlar, slik at dei ikkje har ein økonomisk buffer for komande år.
– Utviklinga kan ha samanheng med høgt kostnadsnivå, betydeleg gjeld, høgt rentenivå, økt etterspørsel etter kommunale tenester og redusert lokalt handlingsrom som følge av eit meir detaljert regelverk, seier Hol.
Ho fortel at driftsinntektene auka mindre enn driftsutgiftene.
– Dette må vi sjå i lys av midlertidig skattesvikt i 2024. Samstundes har god avkastning på finansielle plasseringar og store utbetalingar frå havbruksfondet bidratt positivt i 2024 for fleire av kommunane.
Kan bli fleire på ROBEK
Åtte av kommunane går med meirforbruk på botnlinja i 2024.
– Desse kommunane har tømt disposisjonsfondet. Det betyr at dei må betale tilbake meirforbruket i år og neste år for å unngå innmelding i ROBEK. Desse kommunane følger statsforvaltaren nøye med på, seier Hol.
To kommunar i Møre og Romsdal er på ROBEK og Hol seier at det ser ut til at det kan komme fleire på lista i løpet av året.
Behov for omstilling
– I åra framover blir det mangel på både arbeidskraft og mindre inntekter for kommunane, mens det blir dobbelt så mange eldre over 80 år. Det er heilt naudsynt med store omstillingar i kommunesektoren for å tilpasse tenestenivået til inntektene, avsluttar Hol.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44