Kostra-rapportering for 2023
Kommunane, kommunale føretak og interkommunale selskap/samarbeid skal rapportere årsrekneskapet sitt i elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB). Sjå fristar her.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
De kan rapportere elektronisk frå og med 2. januar 2024.
Frist 15. januar 2024:
- helse- og omsorgstenester
- helse- og omsorgsinstitusjonar
- sosialhjelp
- kvalifiseringsstønad
- barnevern
Frist 15. februar 2024:
- øvrige tenestedata, unnateke skjema 4B (heimetenester)
Frist 22. februar 2024:
- rekneskapsdata
Frist 15. april 2024:
- Skjema 4 B - utgifter til heimetenester
Send sjølv om de ikkje har noko å rapportere
Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Slik får SSB oversikt over kven som har rapportert, og kan estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.
Spørsmål og meir informasjon
Meir informasjon om rapporteringa finn de i brevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet og på nettsida til Statistisk sentralbyrå: Informasjon om rapporteringen for kommunene (ssb.no)
I brevet frå departementet finn de og lenke til Rettleiaren til kontoplanen i Kostra, og endringar i enkelte funksjonar og artar.
Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44 -
Maria Laingen
Tlf: 71 25 85 27