Statsbudsjettet - Tilleggsproposisjon

Styrka tiltakspakke for kommunane i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2015

Regjeringa la i dag fram den annonserte tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for neste år.

Ei av endringane frå framlegget til statsbudsjettet den 7. oktober er at tiltakspakka for kommunane blir redusert frå 500 millionar kroner til 200 millionar kroner. Fordelinga av midlane er foreslått endra til å gjelde berre dei fylka som er mest råka av vekst i arbeidsløysa. Det gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal. Dei 200 millionar kronene blir fordelt med eit likt beløp per innbyggar.

Omprioriteringane gir dei seks fylka 41 millionar kroner meir enn dei 159 millionar kronene i opphaveleg forslag, ei auke på om lag 25 prosent.

 

Kontaktpersonar