Rår til at Ona og Sandøya går til Aukra
Statsforvaltaren rår til at øyene Ona-Husøya og Sandøya blir grensejustert over frå Ålesund kommune til Aukra kommune. Årsaka er at eit stort fleirtal av innbyggarane vil dette.
– Etter ei heilskapleg vurdering konkluderer vi med at fordelane ved at innbyggarane får oppfylt ønsket om tilhøyrsle veg tyngre enn ulempene ved ei grensejustering, seier statsforvaltar Else-May Botten.
I dag blei Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si tilråding sendt over til Kommunal- og distriktsdepartementet, som skal ta ei endeleg avgjerd i saka.
Utgreiing og høyring
Utgreiing av grensejusteringa starta i vår, då Statsforvaltaren fekk oppdrag frå departementet om å greie ut konsekvensane av ei frådeling av Ona, Sandøya og Gåsøya.
Statsforvaltaren laga i samarbeid med kommunane eit faktagrunnlag, og gjennomførte ei innbyggarhøyring på øyene like før sommaren.
Saka var på høyring i løpet av sommaren. Ålesund, Aukra, Statens kartverk, innbyggjarar og andre interesserte kom med sine innspel.
75 prosent vil til Aukra
– 75 prosent av innbyggjarane på øyene ønsker seg over til Aukra. Det blei avgjerande i vår konklusjon, seier Botten.
Ho seier at innbyggarane si kjensle av tilhøyrsle blir tillagt stor vekt i forarbeida til inndelingslova.
Det var eit større tal av innbyggarar på Ona og Sandøya som stod bak initiativet til søknaden om grensejustering.
Begge kommunane vil ha øyene
Både Ålesund kommune og Aukra kommune har behandla grensejusteringssøknaden politisk. Aukra kommunestyre er positive til ei grensejustering. Ålesund kommunestyre går sterkt imot ei grensejustering.
– Ålesund kommune har vore gjennom fleire år med krevjande omstillingsarbeid, og ei eventuelt ny grensejustering vil gi ytterlegare belastning. Dette kan likevel ikkje få avgjerande betyding inn i vår tilråding, seier Botten.
Statsforvaltaren argumenterer for at ei grensejustering ikkje i betydeleg grad vil svekke Ålesund kommune sitt næringsgrunnlag.
– Tenestetilbodet til innbyggjarane på øyene er godt forvalta av Ålesund i dag, og vil bli godt forvalta av Aukra om det blir ei grensejustering, seier Botten.
I tilrådinga blir det lagt vekt på at søkarane på øyene definerer Romsdalsregionen som sin naturlege kvardagsregion.
Vil la Gåsøya bli i Ålesund
Statsforvaltaren rår til at Gåsøya blir verande i Ålesund kommune.
– Statens kartverk argumenterer for at også Seterøya bør vere med om Gåsøya skal bli justert over i Aukra. Sidan Seterøya ikkje har vore ein del av prosessen, finn vi det vanskeleg å rå til at Gåsøya blir del av Aukra kommune, seier statsforvaltaren.
Det bur ikkje folk på Gåsøya.
Departementet avgjer
Etter at Statsforvaltaren har kome med si tilråding, er det opp til departementet å konkludere. Det er ikkje kjent når dei vil lande si avgjerd.