Dei fleste innbyggarane på Ona/Husøy og Sandøya vil til Aukra
75 prosent av innbyggarane på Ona/Husøya og Sandøya ønsker å bli del av Aukra kommune. 23 prosent ønsker å bli verande i Ålesund kommune.
40 av 43 innbyggarar har svara på innbyggjarundersøkinga om kva for kommune Ona/Husøya og Sandøy skal høyre til.
Opinion har utført undersøkinga no i juni 2024, på vegner av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Innbyggarane har fått dette spørsmålet, via telefonintervju:
«Meiner du at Ona-Husøya og Sandøya skal bli i Ålesund slik som i dag, eller bli ein del av Aukra kommune, eller har du ingen meining om dette?»
To personar fekk ikkje Opinion tak i, medan ein person ikkje ville svare.
Les meir om utgreiing av grensejustering for Ona/Husøya og Sandøya: Utgreiing av grensejustering - Ona og Sandøya | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)