Oppstart av prosess for utvida vern ved Smågevatnet naturreservat
- Høyringsfrist:
- 1. november 2024 23:59
Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med utviding av Smågevatnet naturreservat i Aukra kommune.
Arbeidet er ei oppfølging av stortingsmeldinga om norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)), og skal sikre vern av naturtypar som er dårleg representerte i noverande verneområde.
Vernet på Småge er ikkje godt nok. Verneføresegnene er gamle og utdaterte, og det omliggande arealet har store naturkvalitetar som ikkje er godt representert i eksisterande verneområde. Smågevatnet naturreservat vart etablert i 1988 og Statsforvaltaren vil no revidere forskrifta og utvida grensa for å ta betre vare på kystlyngheia på land og nærliggande holmar.
Ein betre vernestatus kan opne for meir ressursar til skjøtsel og tiltak i området. Statsforvaltaren er ansvarleg for å ta vare på naturverdiane knytt til kystlynghei som krev både lyngbrenning og beiting. I dag gjerast det med årleg tilskot og eit vern vil ha som formål å oppretthalde denne aktiviteten med meir føreseiing for beitebrukar og grunneigarar. Tiltak for betre tilrettelegging og kanalisering av ferdsel er også prioritert i verneområde.
Vedlagt kart viser planleggingsgrensene, men endelege grenser er ikkje fastsett. Det er sett ein frist for å komme med innspel, og så vil det bli laga eit konkret verneframlegg. Statsforvaltaren vil halde tett kontakt med kommunen og grunneigarar under dette arbeidet. Miljødirektoratet har ansvar for den faglege godkjenninga og eit vern vil kunne bli vedtatt med Kongen i statsråd.
Innspel kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2025, 6404 Molde, eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 01.11.2024.
- Høyringsfrist:
- 1. november 2024 23:59