Statens vegvesen søkjer om utfylling ved Storhaugsundet og Flatholmsundet

Høyringsfrist:
25. september 2024 23:59

Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt søkjer om løyve etter forureiningslova til etablering av permanent fylling i sjø med mellombels kaianlaegg på om lag 1,1 millionar m3 massar ved Storhaugsundet.

Publisert 22.08.2024

Dei søkjer og om etablering av fire permanente sjøfyllingar på til saman om lag 1,4 millionar m3 massar ved Flatholmsundet. Sunda ligg i området mellom Molde og Aukra kommunar. Tiltaka skal gjerast som eit ledd i etableringa av fastlandstilknyting mellom Otrøya og Gossen, med massar frå vegprosjektet med ny E39.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle merknadar må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 25. september 2024.

Høyringsfrist:
25. september 2024 23:59