Statens vegvesen søkjer om utfylling i sjø ved Vik i Vestnes

Høyringsfrist:
25. september 2024 23:59

Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt søkjer om løyve etter forureiningslova til etablering av mellombels sjøfylling og mellombels kaianlegg ved gnr. 58 bnr. 1.

Publisert 22.08.2024

Det skal fyllast ut med om lag 330 000 am3 massar og mudrast 1 500 m3. Massane skal kome frå vegprosjekt med ny E39 mellom Molde og Ørskogfjellet. Det kan verte aktuelt å søkje omregulering til permanent sjøfylling og kaianlegg med tida.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle merknadar må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 25. september 2024.

Høyringsfrist:
25. september 2024 23:59