Oppstart av nytt vern på Runde og Skorpa

Høyringsfrist:
15. august 2024 23:59
Landskapsfoto Skorpa. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren startar no opp arbeidet med å oppgradere vernet på Runde, og det vert også planlagt nytt vern på Skorpa i Herøy kommune.

Publisert 14.06.2024

Arbeidet er ei oppfølging av stortingsmeldinga om norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)), og skal sikre vern av naturtypar som er dårleg representerte i noverande verneområde.

Vernet på Runde og Grasøyane er ikkje godt nok. Verneføresegnene er gamle og utdaterte, og det har skjedd endringar både i teknologi og natur sidan Runde fuglefredingsområde vart etablert i 1981. På Runde vil statsforvaltaren ta betre vare på kystlyngheia og storjoen oppe på Rundefjellet, og vernet i sjø bør styrkast.

Skorpa har også verdifull kystlynghei, og her lever plantar som ikkje tåler vinterkulda. Eit døme på dette er purpurlyng. Den forvilla kystgeita er også spesiell for Skorpa.

Ein betre vernestatus kan opne for meir ressursar til skjøtsel og tiltak i områda. Statsforvaltaren ser ingen aktivitetar i dag som ikkje kan fortsette etter betre tilrettelegging og kanalisering.

Dei vedlagte karta viser planleggingsgrensene, men endelege grenser er ikkje fastsett. Det er sett ein frist for å komme med innspel, og så vil det bli laga eit konkret verneframlegg. Statsforvaltaren vil bli halde tett kontakt med kommunar, andre styresmakter og lokale interessentar under dette arbeidet. Regjeringa avgjer korleis vernet av Runde og Skorpa skal bli.

Innspel kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2025, 6404 Molde, eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 15.08.2024.