Utviding av Mardalen naturreservat

Høyringsfrist:
24. juli 2024 23:59
Mardalen mot fossen. Foto: Ragnhild Naug Aas.

Statsforvaltaren høyrer eit framlegg til utviding av Mardalen naturreservat i Molde kommune. Dei to delane av eksisterande naturreservat vert knytt saman ved det nye vernet.

Publisert 24.05.2024

Mardalen har rike edellauvskogtypar og gammal, boreal lauvskog. Her er eit stort mangfald med raudlisteartar. Naturreservatet ligg nær Mardalsfossen, og det går ein turveg opp mot fossen gjennom utvidingsområdet.

Fristen for merknader og innspel er 24. juli 2024. Slike skal sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. sfmrpost@statsforvalteren.no

Høyringsfrist:
24. juli 2024 23:59