Kompetanseheving i helse- og omsorgstenester for personar med utviklingshemming
For å sikre betre helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming, er det nødvendig med kontinuerleg kompetanseutvikling blant tenesteytarar. Helsedirektoratet sitt tilskot er eit nytt tiltak med hovudmål om å styrkje fagutvikling og kompetansen til tilsette som arbeider direkte med denne målgruppa i kommunale helse- og omsorgstenester.
Kvifor er kompetanseheving viktig?
Personar med utviklingshemming har ofte samansette behov som krev tilpassa oppfølging og omsorg. Tenestene må vere kunnskapsbaserte, individuelt tilpassa og forankra i brukarane sine eigne behov og ønskje. For å oppnå dette er det viktig med både fagleg utvikling og tenesteinnovasjon.
Sentrale mål for tiltaka
Målet er å forbetre tenestetilbodet gjennom:
- Auka fagleg kvalitet: Tilsette skal få auka kunnskap om korleis dei kan møte helsemessige og sosiale behov hos personar med utviklingshemming.
- Tenesteinnovasjon: Utvikling av nye metodar og modellar som kan forbetre tenestene for denne målgruppa.
- Brukarmedverknad: Tenestene skal legge til rette for at brukarane får ei aktiv rolle i planlegginga og utviklinga av si eiga omsorg.
Slik kan kommunane lukkast
Kommunane vert oppmoda til å etablere faglege nettverk og samarbeidsarenaer som legg til rette for deling av erfaringar og beste praksis. I Møre og Romsdal har Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester (USHT), saman med Statsforvaltaren, Naku, Helse Møre og Romsdal og Nfu etablert eit leiarnettverk med mål om å auke kvaliteten i tenestene til personar med utviklingshemming, gjennom kompetansehevande tiltak og auka kunnskap om rettleiaren Gode helse- og omsorgstjenester til personar med utviklingshemming. Aktiviteten i nettverket skal bidra til å styrke tenester ut frå gjeldande retningslinjer og lovverk. Det er 22 av 27 kommunar som deltek.
I tillegg er det viktig å forankre kompetansehevingstiltak både politisk, administrativt og fagleg, slik at dei vert ein integrert del av kommunen sitt tenestetilbod.
Rapportering og vidareføring
Det er viktig å evaluere effekten av tiltaka for å sikre vidare utvikling. Dette inneber både dokumentasjon av måloppnåing og deling av erfaringar som kan kome andre til gode. Målet er at vellukka tiltak skal kunne vidareførast og integrerast i ordinær drift.
Gjennom målretta kompetanseheving kan helse- og omsorgstenestene styrkjast, og livskvaliteten til personar med utviklingshemming kan betrast. Kommunane spelar ei nøkkelrolle i denne utviklinga ved å satse på innovasjon, fagutvikling og brukarmedverknad i tenestene sine.
Kommunane kan søkje om tilskot frå Helsedirektorat , sjå lenke Tiltak for å øke kompetansen i helse- og omsorgstjenestene til personer med utviklingshemming - Helsedirektoratet. Frist for søknad er 10.mars 2025.