Helse- og omsorgstenestelova kap.9

Rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor einskilde personar med psykisk utviklingshemming.

Sist endra 29.09.2022

Vi oppmodar kommunane til å nytte malane under når dei skal fatte vedtak om bruk av tvang og makt, når det skal søkast om dispensasjon frå utdanningskravet og ved melding om skadeavverjande tiltak i naudssituasjonar.

Skjema tilfredsstiller føresegnene i lova til kva som skal vere med. 

Her er malane som kommunane kan nytte:

Enkeltmelding Bokmål Nynorsk
Vedtak         Bokmål Nynorsk
Hjelpetekst til vedtak Bokmål Nynorsk
Dispensasjonssøknad Bokmål Nynorsk

 


Publisert 23.01.2018

Bruk av tvang mot elevar med utviklingshemming i skuletida

Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet har samarbeida om ein artikkel som skal bidra til at skuleeigarar, skuleleiinga og tilsette kjenner til regelverket knytt til bruk av tvang mot elevar.


Publisert 11.04.2016

Spørsmål knytt til bruk av film/bilete

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har frå Kristiansund kommune fått spørsmål om korleis regelverket er å forstå når personar som har ei utviklingshemming tek bilete eller film av andre med sine mobiltelefonar og legg dette ut på sosiale media. Ei anna problemstilling er når slike filmar/bilete vert sendt til mobileigar sine pårørande.


Publisert 22.03.2016

Bruk av epilepsialarm og kamera i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Bruk av varslingssystem kan være naudsynt for å gi forsvarlege helse- og omsorgstenester.  Fylkesmannen opplever at det er ein del usikkerheit rundt korleis regelverk som skal nyttast. Spørsmål som ofte blir stilt er om bruken av desse tekniske innretningane er helsehjelp eller pleie- og omsorg.


Publisert 27.10.2015

Seksuelle overgrep mot vaksne personar med psykisk utviklingshemming

Bufdir har utarbeida retningslinjer ved seksuelle overgrep mot vaksne med psykisk utviklingshemming.