Hvordan forankre og etablere en psykisk helsetjeneste for barn og unge i kommunen?
Helsedirektoratet har no publisert eit webinar om forankring og etablering av ei psykisk helseteneste for barn og unge.
Målgruppa er leiarar på politisk og administrativt nivå i kommunar og sjukehus, og dessutan aktuelle fagpersonar.
Webinaret er aktuelt for kommunar i oppstartsfasen av eit psykisk helsetilbod og kommunar som vil jobba med forankring og utvikling av eksisterande tilbod.
Du får kjennskap til:
Kvifor kommunen skal ha ei psykisk helseteneste for barn og unge
Nasjonal rettleiars føringar om etablering av ei psykisk helseteneste for barn og unge i kommunen
Lovgrunnlaget for ei psykisk helseteneste til barn og unge i kommunen
Korleis ei psykisk helseteneste kan forankrast politisk og administrativt. Døme frå to kommunar
Du finn webinaret og meir informasjon på Helsedirektoratets nettsider Konferanser og webinarer: Korleis forankra og etablera ei psykisk helseteneste for barn og unge i kommunen? - Helsedirektoratet