Nytt e-læringskurs skal styrke legane sin kunnskap om demensutgreiing

Kurset er eit viktig steg for å sikre at legar har den nødvendige kompetansen til å møte utfordringane knytt til ei aldrande befolkning og aukande førekomst av demens. E-læringskurset er godkjent av Den norske legeforening.

Publisert 11.04.2025

E-læringskurs «Basal demensutgreiing for legar, utvida kurs 15 timar» er retta mot fastlegar, sjukeheimslegar og andre legar som utgreier pasientar med spørsmål om demens.

Kurset gir opplæring i føringar i Nasjonal fagleg retningslinje om demens, bygger på kunnskapsbasert teori og praksis samt forskriftsfesta læringsmål i allmennmedisin. Det er retta mot fastlegar, sjukeheimslegar og andre legar som utgreier pasientar med spørsmål om demens.

Hovudmålgruppa for 15-timarskurset er legar som skal oppretthalde ein spesialitet i allmennmedisin, men det er tilgjengeleg for alle som har behov for det, som andre legar og tilsette i spesialisthelsetenesta og kommunale hukommelsesteam.

Kurset er tilgjengeleg på Nasjonalt senter for aldring og helse si side for e-læringskurs: Digital læring - Nasjonalt senter for aldring og helse.

Kurset vil også vere tilgjengeleg i kurskatalogen til Legeforeininga.

Les meir på heimesida til Helsedirektoratet: Nytt e-læringskurs skal styrke legane sin kunnskap om demensutgreiing - Helsedirektoratet