Kommunane kan bli betre i å fremje barn og unges psykiske helse
Kommunane i Møre og Romsdal har stort fokus på barn og unges psykiske helse, men tilsyn viser at det er nokre manglar i det systematiske arbeidet.
– Dei største utfordringane til barn og unge i fylket er utanforskap og einsemd, sosial ulikskap og det å bu i ein heim med vedvarande låginntekt, krevjande psykososialt skolemiljø og ufrivillig skolefråvær, fortel seniorrådgivar Aase Dyrset hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Rom for forbetring
Dyrset har leia eit tilsyn som er gjennomført i alle kommunane i fylket. Tema har vore kommunane sitt systematiske folkehelsearbeid for å fremje barn og unge si psykiske helse. Alle statsforvaltarane i landet har gjennomført same tilsyn.
– Den nasjonale rapporten viser, som hos oss, at det er rom for forbetring. Mange kommunar manglar ein raud tråd i arbeidet, trass i stor merksemd på temaet, seier Dyrset.
Les den nasjonale rapporten hos Statens helsetilsyn: Mangler en rød tråd i arbeidet med barn og unges psykiske helse | Losen
Har undersøkt systematisk arbeid
Statsforvaltarane har undersøkt om kommunane har ei oppdatert oversikt over helsetilstanden til barn og unge. Det er også undersøkt om kunnskapen i oversikta blir brukt inn i kommunane sitt planarbeid og om det blir følgt opp med relevante tiltak, og evaluert.
Alle rapportane frå tilsynet kan du lese på nettsida til Statens helsetilsyn: Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge | Helsetilsynet
Har oversikt og tiltak, men evaluerer ikkje
To kommunar i fylket manglar ei folkehelseoversikt, som det er krav om at alle kommunar skal ha.
– Sjølv om dei fleste har oversikta er det berre åtte kommunar som har brukt oversikta til å identifisere faktorar som kan påverke den psykiske helsa til barn og unge, fortel Dyrset.
Nesten alle kommunane drøftar barn og unge sine oppvekst- og levekårsforhold i eigne planar.
– Dei fleste kommunane har tiltak på dei områda som dei meiner er viktigast å ta tak i. Men, ikkje alle byggjer tiltaka på hovudutfordringane som er identifisert i oversiktsdokumentet til kommunen.
Berre 9 av 27 av kommunane i fylket evaluerer det systematiske folkehelsearbeidet sitt, og berre åtte av fylket sine kommunar har internkontroll med at dei følgjer folkehelselova i praksis.
Opplever at dei blir høyrt
Dei fleste av kommunane svarar at dei let barn og unge medverke i planarbeid.
– Vi møtte svært engasjerte ungdomsråd i kommunane, og fekk eit klart inntrykk av at barn og unge opplever at dei blir høyrt og teke med på råd i saker som gjeld dei, seier Dyrset.
Oppmodar til samarbeid
– I tilsynet oppmoda vi kommunane til å arbeide saman på tvers av sektorar og fag. Sjølv om tilsynet er ferdig, vonar både Helsetilsynet og Statsforvaltaren at kommunane held fram med eit slikt samarbeid i folkehelsearbeidet. Alt kommunane gjer skal dei vurdere opp mot korleis det verkar inn på folkehelsa, seier Dyrset.
– Tilsynet er avslutta. Men vi oppmodar kommunane til å bli betre på å evaluere arbeidet sitt, og til stadig å spørje seg sjølv: «Kva skal til for å vi skal arbeide betre og meir treffsikkert med folkehelsearbeidet retta mot barn og unge sin psykiske helse?»
Kontaktpersonar
Spørsmål til bruk i kommunane
1. Helsetilsynet peikar spesielt på punkta under som viktige føresetnader for eit godt folkehelsearbeid i kommunane. Har vi dette på plass i vår kommune? Korleis kan vi forbetre oss?
- Tydeleg struktur og organisering av folkehelsearbeidet
- Tverrfagleg og tverrsektoriell deltaking i folkehelsearbeidet
- Folkehelsearbeidet er forankra i leiinga
- Avsett nødvendige ressursar til arbeidet
- Tydeleg raud tråd
2. Kva skal til for å vi skal arbeide betre og meir treffsikkert med folkehelsearbeidet retta mot barn og unges psykiske helse?
3. Vi ser at berre ein tredjedel av kommunane evaluerer det systematiske folkehelsearbeidet. Planer må evaluerast jamleg. Korleis kan det forbetrast, slik at evaluering blir nytta for å justere eller endre kurs om nødvendig?