Folkehelse

Oppdatert 05.01.2024

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Statsforvaltaren skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Statsforvaltaren vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Statsforvaltaren skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Statsforvaltaren kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


Publisert 10.10.2024

Beskytt deg sjølv og dei rundt deg – ta influensavaksinen!

– Influensavaksine er like viktig som før. Dessverre tar for få tilsette i helseteneste og personar i risikogrupper vaksine mot influensa, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.


Publisert 08.09.2023, Sist endra 01.02.2024

Rettane til menneske med nedsett funksjonsevne

FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) skal bidra til å motvirke diskriminering. I perioden 2023–2025 skal kommunar og Statsforvaltaren bli betre rusta til å bruke konvensjonen i sitt daglege arbeid. 


Publisert 11.04.2023

Kommunane vil førebygge vald i nære relasjonar

No har nesten alle kommunar i Møre og Romsdal handlingsplanar for å førebygge, avdekke og hindre vald i nære relasjonar. Men – for å få bukt med problemet må vi alle bidra!


Publisert 20.10.2022

Våg å snakke om selvmordstanker - det kan redde liv!

I 2021 var det 658 mennesker som tok sitt eget liv i Norge. Alle kan være med på å forebygge selvmord. 24. oktober starter en kampanje i vår region der målet er å øke kunnskapen om selvmord i befolkningen, redusere stigma og få flere til å søke hjelp.


Publisert 10.10.2022

LØFT BLIKKET - Vi treng kvarandre

Neste gong tanken slår deg om at du skulle ha ringt ein kollega eller gått innom ein nabo: Ikkje la det bli med tanken!


Publisert 10.09.2022

Vi må snakke om sjølvmord!

Vi må forstå at vi må snakke om sjølvmord og sjølvmordstankar. Det kan redde liv. Kor mange må vi miste før vi innser dette? Å gå nær og å våge å bry seg kan bety forskjellen på liv og død. Våger du? 


Treng du snakke med nokon?

Ring politi 112 ved akutt fare og ambulanse 113 ved skade.

Mange frivillige organisasjonar tilbyr støtte og informasjon. Fleie har hjelpetelefoner, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til god hjelp.

Ikkje nøl med å ta kontakt.

Du finn ei liste over ulike slike tenester hos HelseNorge.no ...

Lista inneheld: