Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.
Vår telefontid
Vi har innført telefontid for å få meir kapasitet til skriftleg sakshandsaming.
Seksjon helse
Vi ønsker å jobbe raskare med saka di. Derfor tek medarbeidarar i Seksjon helse bare imot direkte førespurnad i telefonar på tysdagar og torsdagar mellom kl. 12 og 14. Unntak frå tiltaket er henvendingar som gjeld behandling mot psykisk sjukdom mot eigen vilje (tvangsmedisinering).
Du kan sende melding til oss
Du kan når som helst sende ei sikker melding ved bruk av skjema på nettsida vår. Sjå etter ikon og hugs å velje riktig embete.
Bruk gjerne denne tenesta! Ho er kryptert og meldinga kjem rett inn i sakshandsamingssystemet vårt. Når du brukar skjema «klage på helsehjelp», vil du få konkrete spørsmål som bidrar til at vi får naudsynt informasjon allereie ved fyrste henvending.
Henvendingar utan sensitiv informasjon
Henvendingar som ikkje inneheld sensitiv informasjon kan du sende på e-post til postmottaket vårt sfmrpost@statsforvalteren.no.
Døme på sensitiv informasjon er opplysningar om eigen eller andre sin sjukdom. Hugs å ta med saksnummer og informasjon om korleis vi kan svare deg. Det gjer prosessen raskare.
Det er viktig at det ikkje vert sendt personopplysningar på e-post.