Du og ektefellen din kan også søkje om skilsmisse i fellesskap.
Merk deg dette
For at vi skal kunne behandle av søknaden så raskt som mogleg må du skanne og laste opp nødvendige vedlegg i det digitale søknadsskjemaet.
Har de felles barn under 16 år, må du/de leggje ved meklingsattest. Les meir om mekling
Dersom ekteskapet er inngått i utlandet, må du/de leggje ved vigselattest. Dette gjeld ikkje dersom de vart gifte ved ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje.
To vitne må signere ei vitneerklæring der dei stadfestar at de har levd frå kvarandre i minst to år frå de flytta frå kvarandre.
Du får tilgang til erklæringa ved å trykkje på knappen "Vitneerklæring".
Søknadsskjema
Bruk knappen «Søk om skilsmisse etter samlivsbrot» for å starte det digitale skjemaet.
Du kan ikkje bruke det digitale skjemaet dersom ektefellen din ikkje har norsk fødselsnummer.
Dersom du ikkje ikkje får tilgang til det digitale søknadsskjemaet eller heller vil bruke papirskjema, finn du papirskjema hos Statlig blankettarkiv.