Oppgåver og anbefalt litteratur
Her finn du oppgåver og anbefalt litteratur knytta til modul 5: Globalt medborgarskap i opplæringa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppgåver
Ta utgangspunkt i læreplan eller ei lærebok i eit undervisningsfag:
- Finn du referansar til «globalt medborgarskap», «kosmopolitisme», «verdsborgar» eller liknande omgrep i kompetansemåla?
- Korleis vert kulturar og forholdet mellom ulike kulturar framstilt (interkultur)?
- Finn du førestillingar om «oss» i Noreg og «dei andre» utanfor Noreg?
- Kva for samanhengar vert skildra mellom lokale handlingsval og globale konsekvensar?
- Kva for kompetansar vert framheva som sentrale i utvikling av globalt medborgarskap i fagfornyinga?
Anbefalt litteratur
Anbefalt litteratur er følgande akademiske tekstar som er fritt tilgjengeleg:
Strand, T. (2015). Kosmopolitisme og realisme. Studier i Pædagogisk Filosofi, 4(2), 1-5. Tilgjengeleg frå: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/50170/2016.%2bKosmopolitisme%2bog%2brealisme.pdf?sequence=1&isAllowed=y
Ødegård, G. & Svagård, V. (2018). Hva motiverer elever til å bli aktive medborgere? Tidsskrift for ungdomsforskning, 18(1), 28-50. Tilgjengeleg frå: https://journals.oslomet.no/index.php/ungdomsforskning/article/view/2995
I tillegg er desse populærfaglege artiklane anbefalt:
Bjerkaas, M. (2019). Skolen stenger døra til verden. Utdanningsnytt. Tilgjengeleg frå: https://www.utdanningsnytt.no/fagfornyelse-klima-laereplaner/skolen-stenger-dora-til-verden/174301
Ulvestad, R. (2019). Fagovergrep og temaene som forsvant. Utdanningsnytt. Tilgjengeleg frå: https://www.utdanningsnytt.no/fagfornyelse-klima-laereplaner/skolen-stenger-dora-til-verden/174301