Midlar til etter- og vidareutdanning av lærarar 2012/2013 - rapportering m.m.
Til kommunane i Møre og Romsdal og M&R fylkeskommune ved skoleeigar og aktuelle privatskolar. Rapportering på bruk av midlar 2012/2013 og refusjonskrav for våren 2013. |
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi viser til Fylkesmannen sine tilsegnsbrev 2012 til skoleeigar om midlar til vidareutdanning av lærarar studieåret 2012/2013. (Ver obs på at enkelte skoleeigarar har fått reviderte tilsegnsbrev både to og tre gongar!) Tilsegna som vart gitt for hausten 2012 vart utbetalt medio oktober 2012.
Tilsegna for våren 2013 vil bli utbetalt etter at skoleeigar innan 15. mai har stadfesta deltaking av dei aktuelle lærarane for våren 2013. Alle må sende inn slik stadfesting på e-post til postmottak@fmmr.no før midlane vil bli utbetalt – også evt. endringar i høve deltaking. Når alle har sendt inn det dei skal, vil midlane bli utbetalt snarast og seinast innan 15. juni 2013.
Rapportering på midlar til etter- og vidareutdanning 2012/2013
Skoleeigarar som har mottatt midlar til etterutdanning i 2012 og/eller vidareutdanning i skoleåret 2012/2013, skal rapportere på midlane, jf. brev frå Utdanningsdirektoratet 29.02.2012 og 01.02.2012 om tildeling av midlar til etter- og vidareutdanning. I rapporteringa er det skilt mellom etter- og vidareutdanning. For etterutdanning skal det rapporterast på kalenderåret 2012, og for vidareutdanning på studieåret 2012/2013.
Fylkesmannen har no opna rapporteringsportalen for aktuelle skoleeigarar, som har frist til å rapportere ferdig til 15. mai 2013. Det er same frist som for innsending av refusjonskrav for våren 2013. Derfor bør refusjonskrava og rapporteringa for våren 2013 stemme overeins.
Nokre skoleeigarar har ikkje fått statlege kompetansemidlar i 2012. Det er likevel ønskeleg at dei rapporterer på «Andre videreutdanningstiltak» dersom dette er aktuelt.
Vi gjer merksam på at Fylkesmannen – ved tvil om rett rapportering – kan innhente økonomiraportering frå skoleeigarane, jf. brav frå Utdanningsdirektoratet til fylkesmennene, datert 11.03.2013.