Rettleiing - klagebehandling ved klage på fastsett standpunktkarakter i fag

Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.

Publisert 10.02.2025

Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-4, og privatskoleforskrifta § 7-4, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-16 og privatskoleforskrifta § 6-16, ikkje er følgt. Skolen må gi elevar og føresette informasjon om klageretten.

Les: Informasjon til elev og føresette om klage på fastsett standpunktkarakter | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kva må skolen gjere når dei har mottatt klage?

Skolen må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Merk at elevar under 15 år ikkje har sjølvråderett, dvs. at føresette må skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skolen fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak.

Dersom skolen er samd i klagen og etter ny vurdering sett opp karakteren, må skolen fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og eleven får ny rett til å klage. Saker som blir avvist eller saker skolen er samd i, skal ikkje sendast til Statsforvaltaren. Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no.

Skolen må oversende saken til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for eleven.

Kva må skolen sende til Statsforvaltaren?

Sjå Standpunktvurdering | udir.no og merknadane til § 10-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag | udir.no og § 7-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag | udir.no for ytterlegare rettleiing til punkta under.

  1. Klagen
  2. Grunngjeving frå faglærar som inneheld
  3. Beskriving som viser at standpunktkarakteren er satt ved avslutninga av opplæringa og at kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa er en del av vurderinga.
  4. Beskriving av eleven sin samlande kompetanse i faget som viser at faglærar har løfta blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sett dei i samanheng, i lys av teksten Om faget.
  5. Beskrivinga må vise korleis eleven sin kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget, altså vurdert på grunnlag av rett læreplan og ut frå kompetansemåla for det aktuelle trinnet.   
  6. Beskrivinga må vise at det ikkje er trekt inn utanforliggande omsyn som innsats, fråvær og oppførsel, dersom ikkje det går fram av kompetansemåla.
  7. Beskrivinga må vise korleis eleven har fått vist sin kompetanse i faget på fleire og varierte måtar

  8. Beskrivinga må vise korleis eleven er gjort kjent med kva som blir vektlagt i fastsettinga av standpunktkarakteren.

  9. Skolen sin uttale. Skolen må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klagar påpeiker i klagen, gjere greie for korleis skolen har vurdert klagen, bekrefte at faglærar sin grunngjeving oppfyller krava til fastsetting av standpunktkarakter i faget og vise til at eleven har blitt gjort kjent med kva som blei vektlagt i vurderinga. 

Sakspapira sendes til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.

  • Skolen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
  • Det er svært viktig at skolen gir rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

Statsforvaltaren skal vurdere om skolen har følgt reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-1 og 9-16 og privatskoleforskrifta §§ 6-2 og 6-16 ved fastsetting av standpunktkarakteren i fag. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om standpunktkarakteren er i samsvar med eleven sitt faglege nivå. Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane ikkje er følgt, opphevast vedtaket og saka blir sendt tilbake til skolen som skal sørge for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsette ein endeleg karakter.

Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er overhalden, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.