Nasjonale prøver hausten 2019

Hausten 2019 gjennomfører 5. og 8. og 9. trinn nasjonale prøver på same tid for første gang.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.06.2019

Skuleeigar har ansvar for å sikre den tekniske kapasiteten lokalt og gjere skulane i best mogleg stand til å handtere det økte talet på gjennomføringar i september.

5. august: Opnar PAS for påmelding til nasjonale prøver for alle trinn.

2.-27. september: Gjennomføringsveker for nasjonale prøver 5., 8., og 9. trinn.

27.  september: Frist for registrering av «fritatt» og «ikkje deltatt» for alle prøvene.

Særleg 8.-9. trinn: Frist for å vurdere og skåre opne elevsvar i nasjonale prøver i lesing og nasjonale prøver i lesing samisk.

På heimesida til Utdanningsdirektoratet finn de informasjon om påmelding, gjennomføring, skåring og oppfølging av resultata frå prøvane. Sjå lenke i høgre marg.

Utdanningsdirektoratet har laget ei sjekkliste som viser kven som har ansvar for kva i gjennomføringa av nasjonale prøver. Sjå lenke i høgre marg.

Ved behov for brukarstøtte i PAS skal de følge tenesteveg.

 

Denne informasjonen er også sendt ut som e-post til:

  • Postmottak i kommunane
  • Private skular med 5., 8. og 9. trinn