Korleis nytte resultata frå nasjonale prøver?
No er resultata frå nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn publisert og tilgjengelege i skoleporten.no og på udir.no/statistikk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skular og kommunar finn også resultata med meistringsprofilar i PAS-prøver.
«Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.» (Udir.no)
Oppfølgingsoppgåver for skuleeigar, skuleleiar og lærar:
Skuleeigar:
- Skal følgje opp resultata på kommunenivå
- Sjå til at skolane følgjer opp og brukar resultata
- Vurdere om enkelte skolar treng særleg oppfølging.
Skuleleiar:
- Følgje opp resultata i analyserapporten i PAS-prøver som ein del av forbetrings- og utviklingsarbeidet på skolenivå.
- Legge til rette for at alle lærarar følgjer opp resultata i klassen.
- Sørge for at elevane og foreldra får tilbakemelding om resultata, og at dette sjåast i samanheng med anna relevant vurderingsinformasjon
Lærar:
- Bruke resultata i tilbakemeldingar til elevar og foreldre for å fremme vidare læring.
- Sjå resultata i analyserapporten i PAS-prøver i samanheng med anna informasjon om eleven.
- Involvere elevane i arbeidet med resultata
(Frå udir.no)
For meir informasjon om korleis ein kan finne, analysere og bruke resultata frå nasjonale prøver sjå heimesida til udir.no. (link i høgre marg).
Sendt som e-post til alle kontaktpersonar i kommunen og dei private skulane.