Felles eksamen og felles sensur for elevar og vaksne i grunnskulen
Frå 2014 vil eksamen for vaksne etter læreplanen for 10. trinn vere felles med grunnskulen for dei sentralt gitte eksamensfaga matematikk, norsk og engelsk. Informasjon om eksamen i grunnskulen er derfor felles, og nettsida om grunnskulen er oppdatert til å gjelde både elevar, vaksne deltakarar og privatistar. |
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Påmeldinga av vaksne eksamenskandidatar skal gjerast i PAS under «eksamen grunnskole», og vaksne deltakarar vil bli sensurert på lik linje med elevar. Lærarar som ønskjer sensoroppdrag melder seg som tidlegare til rektor, og fylkesmennene oppnemner sensorar frå både grunnskulen og vaksenopplæringssentra til å utføre sensur. Sensorskulering, førehandssensur og sensur blir felles.
Kontaktpersonar
-
Tone Malme
Tlf: 71 25 85 66